Basel-Stadt
Basel-Stadt | |||
Bâle-Ville, Basilea Città, Basilea-Citad | |||
kanton | |||
|
|||
Forkorting: BS | |||
Land | Sveits | ||
---|---|---|---|
Del av | North West Switzerland, Nordvest-Sveits | ||
Hovudstad | Basel | ||
Høgaste punkt | St. Chrischona | ||
• høgd | 522 moh. | ||
Areal | 36,95 km² | ||
Folketal | 200 973 (30. september 2021)[1] | ||
Kanton sidan | 1501 | ||
Basel-Stadt 47°34′00″N 7°36′00″E / 47.566666666667°N 7.6°E | |||
Kart som viser Basel-Stadt.
| |||
Wikimedia Commons: Canton of Basel-Stadt |
Basel-Stadt er ein kanton i det nordvestlege Sveits. Kantonen har eit areal på 137 km² og har 200 000 innbyggarar i 2021. Han er den minste kantonen, og den med største folketettleiken. Byen Basel er hovudstaden i kantonen.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Kantonen ligg på begge sider av Rhinen. Han grensar i vest mot regionen Alsace i Frankrike og i aust mot delstaten Baden-Württemberg i Tyskland. I sør grensar han mot kantonen Basel-Landschaft.
Språk og samfunn
[endre | endre wikiteksten]Tysk er både skriftspråk og talemål i kantonen. 30,3% av innbyggarane er utanlandske statsborgarar, der italienarar med sine 5,3% er den største gruppa. Av dei sveitsiske statsborgarane er høvesvis 27% og 25% protestantar og romersk-katolske.
Kommunar
[endre | endre wikiteksten]Basel-Stadt består av tre kommunar: Basel, Bettingen og Riehen.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Basel-Landschaft gjekk inn i det sveitsiske eidsforbundet i 1501. Inntil 1833 utgjorde Basel-Stadt saman med Basel-Landschaft kantonen Basel. Dei to kantonane vart omtala som «halvkantonar» fram til 1999, då dette omgrepet vart fjerna frå den sveitsiske grunnlova. Basel-Landschaft er like autonom som alle andre kantonane, men kantonen har berre éi røyst i Sveits sitt stenderråd, medan dei fleste andre kantonane har to røyster.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «Statistisches Amt Basel-Stadt: Wohnbevölkerung nach Bezirk». Henta 27. oktober 2021.
- Denne artikkelen bygger på «Kanton Basel-Stadt» frå Wikipedia på tysk, den 10. august 2011.