Lengdekontraksjon
Lengdekontraksjon eller Lorentzkontraksjon er eit fysisk fenomen skildra av Hendrik Lorentz der lengda som ein observatør observerer av ein lekam i fart minkar. Denne kontraksjonen, òg kalla Lorentz–FitzGerald-kontraksjon, er vanlegvis først merkbar når lekamen kjem opp i ein vesentleg fart som nærmar seg lysfarten. Effekten kan neglisjerast for snøggleikar ein opplever i kvardagen og kan derfor ignorerast for dei fleste føremål. Effekten vert først viktig i stor fart. Med ein fart på 13 400 000 m/s (0,0447c) er lengda 99,9% av lengda til lekamen i ro; med ein fart på 42 300 000 m/s (0,141c), er lengda framleis 99%. Etter kvart som farten nærmar seg lysfarten vert effekten meir dominerande, som ein kan sjå av formelen:
der
- L0 er eigenlengda (lengda til lekamen i ro),
- L er lengda ein observatør observerer når dei to er i rørsle i forhold til kvarandre,
- v er den relative snøggleiken mellom observatøren og lekamen,
- c er lysfarten,
og Lorentzfaktoren, γ(v), er definert som
- .
I denne likninga seier ein at lekamen er parallell med linja han flyttar seg langs.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]- Tidsdilatasjon
- Ehrenfest-paradokset
- Stigeparadokset
- Lorentztransformasjon
- Kennedy–Thorndike-eksperimentet
- Trouton–Rankine-eksperimentet
- Michelson–Morley-eksperimentet
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Length contraction» frå Wikipedia på engelsk, den 16. juni 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: