Hopp til innhald

Élisabeth Vigée Le Brun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Élisabeth Vigée Le Brun

Sjølvportrett, 1790
Statsborgarskap Frankrike
Fødd 16. april 1755
Paris
Død

30. mars 1842 (86 år)
Paris

Yrke kunstmålar, salongvertinne, skribent, kunstnar
Sjanger portrettmåleri, portrett, landskapsmåleri
Medlem av Académie royale de peinture et de sculpture, Académie de Saint-Luc
Religion katolisisme
Far Louis Vigée
Mor Jeanne Maissin
Ektefelle Jean-Baptiste Le Brun
Born Julie Le Brun
Signatur
Élisabeth Vigée Le Brun på Commons

Louise-Élisabeth Vigée Le Brun (16. april 175530. mars 1842) var ein fransk målar frå Paris. Ho måla i hovudsak portrett, og er særleg kjend for portrett av europeiske adelsfolk og kongelege. Stilmessig høyrer verka hennar til tida etter rokokko med element frå nyklassisismen.[1]

Vigée Le Brun laga tiltrekkande og idealiserte portrett, og blei kjend som hoffmålar for dronning Marie Antoinette. Ho måla seinare portrett av europeiske adelsfolk, skodespelarar og forfattarar, og blei vald inn i kunstakademi i ti byar.[2]

Under den franske revolusjonen i 1789 rømde Le Brun frå Frankrike. Ho arbeidde deretter i Russland, Italia og Storbritannia. Etter at Napoleon hadde kome til makta i Frankrike, vende ho tilbake til heimlandet.

Vigée Le Brun laga 660 portrettmåleri og 200 landskapsmåleri.[3] Desse finst i private samlingar i Europa og USA, men også i store museum som Eremitasjen i St. Petersburg, National Gallery i London, Metropolitan Museum of Art i New York og National Gallery of Art i Washington, D.C.

Barndom og ungdom

[endre | endre wikiteksten]
Portrait au pastel d'une jeune fille (1771), pastellbilde som skal vera eit sjølvportrett av Élisabeth Vigée Le Brun.

Louise-Élisabeth var dotter av målaren Louis Vigée (1715–1767) og frisøren Jeanne Maissin (1728–1800). Foreldra gifta seg i 1750, og ho blei fødd i 1755. Ho blei Rue Coquilliere i Paris, og døypt i St. Eustache kyrkje med namnet Marie Élisabeth-Louise Vigée. Ein yngre bror, Étienne Vigée, som seinare blei dramatikar, blei fødd to år seinare.[4]

Då ho var tre månader gammal blei ho sendt til ei amme på landet i Épernon i nærleiken av Chartres, der ho budde til ho var fem. På denne tida var det vanleg for det franske borgarskapet å ikkje oppseda småbarna sine sjølve. Tilbake i Paris blei ho i 1760 sendt til klosterskulen i Couvent de la Trinité i Rue de Charonne. Der vekte ho snart merksemd med teikningane sine, som ho framstilte over alt, i skulehefte og på skuleveggane. Også faren var begeistra for teikningane hennar, og såg for seg ei framtid for henne som profesjonell målar. I 1767 forlet ho skulen for å endeleg bu med foreldra. Her fekk ho den første eigentlege teikneundervisinga av faren.

Far hennar døydde uventa i mai 1767 av blodforgifting etter å ha svelt eit fiskebein. Tolv år gamle Élisabeth var lenge i djup sorg, og bestemte seg så å via seg til kunsten.[5] Ho fordjupa seg i teiknekunst, og fekk først undervising av Gabriel Briard, medlem av Académie royale de peinture et de sculpture, og seinare av Joseph Vernet. Same året gifta mor hennar seg opp att med ein rik gullsmed, Jacques-François Le Sèvre. Tilhøvet mellom Élisabeth og stefaren skal ha vore vanskeleg.[4] Familien flytta til Rue Saint-Honoré like ved Palais Royal. Under besøk i private samlingar kopierte Vigée bilde av gamle meistrar. Det blei seinare sagt om henne at ho som ung var ei av dei vakraste kvinnene i Paris.

Allereie som tenåring verka Élisabeth profesjonelt som portrettmålar.[6] Som femtenåring kunne ho leva av inntekta frå portretta sine. Ho tok arbeidet sitt svært seriøst, og avviste jamleg bestillingar som berre hadde som føremål å oppnå eit møte med henne. Då atelieret hennar blei stengt i 1774 grunna manglande løyve, vende ho seg til Académie de Saint-Luc, som stilte ut verka hennar i salongen sin. I 1774 blei ho medlem av akademiet.[6]

Etter at stefaren pensjonerte seg, leigde familien ein bustad i Hôtel Le Brun i Rue de Cléry, som tilhøyrde målaren og kunsthandlaren Jean-Baptiste-Pierre Le Brun. Ho vitja galleriet hans fleire gonger med stor interesse.[7] Han blei agenten hennar, og spurde etterkvart også om handa hennar. Kunsthandlaren hadde allereie vore gift før, og hadde eit dårleg rykte. Élisabeth trassa råda ho fekk om å ikkje gifta seg med han, og dei hadde ein diskret vigsel i Saint-Eustache den 11. januar 1776.[8]

Tilknyting til kongehuset

[endre | endre wikiteksten]
Sjølvportrett frå 1782

Élisabeth Vigée Le Brun byrja å stilla ut verka sine i familieheimen i Paris, Hôtel de Lubert. Salongane ho heldt her gav henne mange nye og viktige kontaktar.[6] Ektemannen hennar var ein slektning av Charles Le Brun, den fyrste leiaren av Det franske akademiet under Ludvig XIV.

Verksemda hennar bløma, og ho måla talrike medlemmer av adelen. Allerieie i 1776 fekk ho eit oppdrag frå hoffet av hertugen av Provence, som var bror til kongen. I 1778 blei ho beden til Slottet i Versailles for å måla eit portrett av dronning Marie Antoinette. Dronninga var så begeistra for resultatet at Vigée Le Brun fekk bestillingar på fleire portrett av kongefamilien. Ho måla over 30 portrett av dronninga og familien hennar.[6]

Sjølvportrett med stråhatt

12. februar 1780 fødde ho det einaste barnet sitt som voks opp, dottera Jeanne Lucie Louise, som ho kalla Julie og gav kallenamnet «Brunette».[9] Ho skal ha fortsett å måla under dei fyrste riene, og knapt sloppe målarkosten under fødselen.[10] Dottera blei motivet for ei rekkje portrett. I eit seinare svangerskap fekk ho eit barn som døydde tidleg.

Frå mai til juni i 1781 reiste Vigée Le Brun saman med mannen gjennom Flandern og Nederland for å kjøpa verk frå samlinga til den tidlegare guvernøren Charles-Alexandre de Lorraine. Verka til dei flamske meistrane inspirerte henne til å gjera forsøk med nye måleteknikkar. 'Sjølvportrett med stråhatt' (1782) er ei «fri imitering» av Peter Paul Rubens sitt La Chapeau de Paille.[11][12] Ein kan også sjå flamsk påverknad i Le Comte d'Espagnac (1786) og Madame Perregaux (1789).[13] I tillegg til dette måla ho portrett av lokale adelige, mellom anna av medlemmer av Huset Oranien-Nassau.

31. mai 1783 blei Vigée Le Brun medlem av Académie royale de peinture et de sculpture med eit verk i sjangeren historisk allegori. Same dagen blei også ein annan kvinneleg målar, Adélaïde Labille-Guiard (1749–1803), tatt opp som medlem. Dei mannlege ansvarlege ved Akademiet var ganske klart motstandarar av at Vigée-Lebrun skulle takast opp, både på grunn av kjønnet hennar og fordi mannen var kjøpmann. Dei blei til slutt tvinga til det gjennom ei befaling frå kong Ludvig XVI, som handla på oppfordring frå kona si.[14] Som resepsjonsverk presenterte ho La Paix ramenant l’Abondance frå 1783 for å kunna bli motteken i kategorien historiemålar. Verket var skandaløst ettersom det viste eit nakent bryst på ei tid då skikken sa at nakne kroppar berre kunne målast av menn.[15][16] Ho blei til slutt teken med i akademiet utan ein særskild kategori.

Sjølvportrett med dottera Julie, 1786

I september stilte ho for første gong ut verk i ein av dei parisiske salongane til akademiet, eit portrett av Marie-Antoinette kalla «à la Rose». Også dette verket var omstridd fordi dronninga var avbilda i ein lett musselinkjole, noko mange meinte var for intimt. Vigée Le Brun måtte erstatta portrettet med eit av dronninga i ein meir konvensjonell drakt.[17] Prisane på måleria hennar steig likevel kraftig etter dette. Ho måla til dømes eit portrett av finansministeren Charles Alexandre de Calonne som betalte 800 000 franc.[a][18]

Sommaren 1785 stilte ho ut ei rekkje måleri ved Académie Royale, som i det store og heile fekk ei positiv mottaking. Også seinare utstillingar blei mottatt med begeistring. I 1788 organiserte ho ein souper grec, ei overdådig selskapsform frå denne perioden, som skapte overskrifter.[19]

I 1787 forårsaka Vigée Le Brun ein mindre offentleg skandale då ho stilte ut Sjølvportrett med dottera Julie (1786) ved Salongen i 1787. Her avbilda ho seg sjølv smilande med open munn, stikk i strid med konvensjonane innan portrettkunst som gjekk tilbake til antikken. Sladrebladet Mémoires secrets meinte at både «kunstnarar, kunstelskarar og personar med smak» var sameinte i å fordømma denne framstillinga.[20]

Revolusjon og eksil

[endre | endre wikiteksten]
Sjølvportrett med dottera frå 1789

Misunning og intrigar i samband med stillinga som ein av yndlingsmålarane ved hoffet, førte med tida til fleire og fleire ryktedanningar og angrep på henne. Ho skulle ha forhold til greven av Vaudreuil eller målaren François-Guillaume Ménageot.[21] Pressa omtalte også eit påstått forhold til finansminister Calonne. I revolusjonsåret 1789 blei omdømet hennar for alvor øydelagt ved offentleggjeringa av fritt oppdikta brev som skulle vera frå henne til ministeren. Sansculottane kom til herskapshuset hennar, ransaka det og prøvde å setta fyr på kjellaren. Vigée-Le Brun måtte søka tilflukt hjå familien til arkitekten Alexandre-Théodore Brongniart.

Etter den franske revolusjonen flykta Vigée-Le Brun med dotter si og guvernanta hennar natta til den 6. oktober 1789 med Italia som mål.[22] Ho let etter seg ektemannen, som oppmuntra henne til å flytta, måleria sine og ein formue på rundt ein million franc. Sjølv hadde ho, ifølgje memoara sine, berre med seg rundt 20 franc.[23] Ho sa tidlegare om Ancien Régime at 'Kvinnene herska då, revolusjonen avsette dei'.[b][5] Som følgje av revolusjonen Vigée Le Brun sitt medlemskap i det franske målarakademiet ettersom kvinner ikkje lenger hadde adgang.[1]

Ho hadde planlagt å venda tilbake til Frankrike så snart ein hadde gjenoppretta alminneleg ro og orden der. Under reisa stoppa dei i Lyon, Torino, Parma (der ho blei medlem av akademiet) og Firenze, før dei kom til Roma i slutten av november. Ho var dei neste åra i Roma, Venezia og Napoli. I 1790 blei ho teken imot i Uffiziane, der ho fekk stor suksess med eit sjølvportrett. Verka hennar vekte så stor beundring at ho ved byrjinga av april 1790 blei tatt opp i Accademia di San Luca. Ho sende også verk til Parissalongen.

I Italia heldt Vigée-Le Brun seg framleis til dei aristokratiske krinsane. Ho møtte att Ménageot og Vivant Denon, den fyrste leiaren for Louvre, Talleyrand og lady Emma Hamilton. Ho laga fleire allegoriske måleri av Emma Hamilton som Ariadne (1790) og som ei bakkantinne (1792), og ho stod modell for Sibyl (1792), som var inspirert av Domenichino sine sibyller.[14][24]

14. april 1792 forlet ho Roma for å dra heim til Paris. Under tilbakereisa la ho inn opphald i Spoleto, Foligno, Firenze, Siena, Parma, Mantova, Venezia, Verona og Torino. Undervegs fekk ho vita at ho var blitt oppført på lista over utvandrarar, noko som innebar at ho hadde mista dei franske borgarrettane sine og at eigedommane hennar var blitt beslaglagde. Mannen hennar sine forsøk på å få henne fjerna frå lista førte ikkje fram. Då ho innsåg at situasjonen ville vera for usikker for henne som rojalist i Frankrike, bestemte ho seg for å bli verande i Italia.

Eudocia Ivanovna Galitzine som Flora (1799)

I Milano overbeviste ho utsendingen frå Austerrike om at ho ville vera ein etterspurd portrettmålar i Wien. Etter at ho kom fram til Wien leigde ho ein bustad i utkanten av byen.

I mellomtida prøvde Jean-Baptiste Pierre Lebrun å verna om eigedommane deira og få tilbake rettane til kona i Paris. Han selde heile verksemda si i 1791 for å ikkje gå fallitt, ettersom kunstmarknaden braut saman i samband med revolusjonen.[25] Han brukte banda sine til Jacques-Louis David til å be om at namnet til kona skulle takast av emigrantlista, utan å lukkast. Han gav òg ut stridsskriftet Précis historique de la vie de la Citoyenne Le Brun til forsvar for kona si. Forsøket blei ignorert, og i november blei han fengsla ei kort tid. Ein månad seinare blei også broren til Élisabeth, dramatikaren Etienne Vigée (1758–1820), fengsla og sat eit halvt år i fangenskap. I 1794 søkte Jean-Baptiste-Pierre om skilsmisse for å verna om eigedommen deira.[26]

19. april 1795 reiste Vigée til St. Petersburg etter å ha blitt invitert til Russland av den russiske ambassadøren. Ho kom fram i slutten av juni, og leigde ein bustad i nærleiken av Vinterpalasset. Kjennskapen hennar til aristokratiske krinsar viste seg å vera nyttig her. Ho blei anbefalt til tsarfamilien, og dette førte til at ho klarte å samla seg ein betrakteleg formue i løpet av dei seks åra ho var i Russland. Ho måla fleire portrett av Katarina den store, og blei tatt opp i akademiet for bildande kunst. I 1801 var ho ei tid gjest hjå den kunstelskande grevinna Daria Saltykova.

Under eit møte i «Le Directoire» i Frankrike den 26. juli 1799 blei det levert ein søknad til fordel for Vigée, underskriven av 255 kunstnarar, forfattarar og vitskapsmenn. Året etter døydde mor hennar, og kort tid etter, den 5. juni 1800, blei namnet hennar endeleg sletta frå emigrantlista. Dermed var vegen opna for at at ho kunne venda heim til Frankrike. Same året gifta dottera, Julie Le Brun, seg med Gaëtan Bernard Nigris, som var leiar for det keisarlege teateret i St. Petersburg. Vigée Le Brun var sterkt imot giftarmålet, og følte seg sviken av dottera. Etter eit kort opphald i Moskva i 1801 reiste Vigée endeleg tilbake til Paris. Under heimreisa var ho seks månader i Berlin, der ho kom i kontakt med Hohenzollern-familien. Ho hadde måla mykje gjennom heile eksilet, noko som var nødvendig for å tena til livs/opphald. Som følgje av dette blei ho kjend og elska som portrettmålar i heile Europa,

Etter heimkomsten

[endre | endre wikiteksten]
Sjølvportrett frå 1800

Etter 12 år i eksil kom Vigée Le Brun tilbake til Paris den 18. januar 1802, og flytta igjen inn på Hôtel Le Brun. Seinare leigde ho ein landstad i Meudon, der ho gjorde ferdig nokre bilde ho hadde byrja på i Russland og Tyskland. Sjølv om ho blei ønska velkommen av pressa, hadde ho vanskeleg for å finna seg til rette i heimlandet etter endringane skapte av revolusjonen og innføringa av keisardømet.

«

Eg vil ikkje prøva å måle kva som skjedde med meg då eg kom tilbake til dette landet, Frankrike, som eg hadde forlate i tolv år: smerta, redsla, gleda som skaka meg etter tur […] Eg gråt for vennene eg hadde mista på skafottet; men eg skulle få sjå dei som framleis var att for meg.[...] Men det som gjorde meg mykje meir opprørt var å sjå at det framleis var skrive på veggane «fridom, brorskap eller død».[c][27]

»
Caroline Murat, reine de Naples avec sa fille Laetitia (1807).

Nokre månader seinare forlét ho Frankrike for å dra til England, og budde i London i tre år. Ho måla mange portrett av britiske personlegdommar som Lord Byron, og møtte målaren Benjamin West, beundra verka til Joshua Reynolds og møtte att lady Hamilton, elskarinna til admiral Nelson. Ho var med eksilhoffet til Ludvig XVIII og greven av Artois i London, Bath og Dover.

I juli 1805 vende ho tilbake til Paris via Nederland og Belgia.

I 1807 mottok Vigée Le Brun si fyrste og einaste bestilling frå det franske keisarhoffet; eit portrett av Napoléon Bonaparte si syster Caroline Murat. Ho mislikte oppdraget, og klaga over at dronninga behandla henne dårleg og let henne dårleg, til forskjell frå andre, «ekte» prinsesser ho hadde måla.[27]

14. januar 1807 kjøpte ho ektemannen sitt husvere og salslokale i Paris etter at han var komen i gjeld.[25] Men då keisardømet var på sitt mektigaste forlet Vigée Le Brun Frankrike til fordel for Sveits, der ho blei utnemnd til æresmedlem av Société pour l'Avancement des Beaux-Arts. Her møtte ho òg Madame de Staël i 1807.

Ho vende tilbake til Frankrike i 1809. Her kjøpte ho eit stort hus i landlege omgjevnader i Louveciennes, ca. 20 km vest for Paris. Huset låg like ved slottet som hadde tilhøyrd Madame du Barry, som var blitt giljotinert 1793. Vigée Le Brun hadde måla tre portrett av henne før revolusjonen. I tida som følgde budde ho anten der eller i Paris, der ho heldt salongar og møtte framståande kunstnarar. Den 7. august 1813 døydde mannen hennar. Landstaden blei teken av den prøyssiske hæren under dei såkalla frigjeringskrigane i 1814.

Etter restaurasjonen av monarkiet med Ludvig XVIII blei fleire av måleria hennar, særleg dei av Marie-Antoinette, henta fram att og hengde opp i Louvre, Fontainebleau og Versailles.

8. desember 1819 døydde dottera hennar, Julie Nigris, utan å etterlata seg arvingar, og eit år etter døydde også broren Etienne Vigée. Dottera til Etienne, Caroline Rivière, var dermed einearving etter Vigée Le Brun.

Under ei siste reise til Bordeaux laga ho fleire skisser av ruinar. Ho måla nokre solnedgangar, studiar av himmel og fjell, og laga pastellverk av Chamonix-dalen, øvste delen av Arve-dalen, i pastell (Le Mont blanc, L'Aiguille du Goûter, musée de Grenoble.)[28] 30. juni 1827 blei Vigée utnemnd til medlem av Académie de Vaucluse.

Ved hjelp av niesa Caroline Rivière, som hadde flytta saman med henne, og den siste eleven sin, Eugénie Tripier Le Franc, offentleggjorde ho i 1835 det fyrste bandet av erindringane sine. Dei gir eit interessant innblikk i utdanninga av kunstnarar på slutten av æraen for monopolet til dei kongelige akademia. I 1837 følgde andre og tredje bind av hennar Souvenirs.

I 1841 fekk Vigée eit slag som medførte varig lamming. Ho døydde truleg av arteriosklerose i bustaden sin på Hôtel Le Coq i Rue Saint-Lazare då ho var 86 år gammal. Ho blei gravlagd på kyrkjegarden i Louveciennes. På gravsteinen hennar står det: «Ici, enfin, je repose…» (Her kvilar eg endeleg…).

Det er bevart 660 portrett og 200 landskapsbilde av Vigée-Le Brun. Verka hennar er dels i private samlingar og dels i fleire store europeiske og amerikanske museum.

Portrett måla i Frankrike

[endre | endre wikiteksten]

Portrett måla i Italia

[endre | endre wikiteksten]

Portrett måla i Austerrike

[endre | endre wikiteksten]

Portrett måla i Russland

[endre | endre wikiteksten]
  1. Løna til ein tenar på denne tida rundt 150 franc per år. Ein kan estimera veriden av 80 000 franc då til ein million euro no.
  2. Les femmes régnaient alors, la Révolution les a détrônées.
  3. Je n'essaierai point de peindre ce qui se passa en moi lorsque je touchai cette terre de France que j'avais quittée depuis douze ans : la douleur, l'effroi, la joie qui m'agitaient tour à tour […] Je pleurais les amis que j'avais perdus sur l'échafaud ; mais j'allais revoir ceux qui me restaient encore.[…] Mais ce qui me déplaisait bien davantage, c'était de voir encore écrit sur les murs : liberté, fraternité ou la mort
  1. 1,0 1,1 Kleiner, Fred S., red. (2015). Gardner's Art through the Ages: The Western Perspective 2 (15. utg.). Boston: Cengage Learning. s. 656. ISBN 9781305645059. 
  2. «National Museum of Women in the Arts». Arkivert frå originalen 2. april 2017. Henta 26 October 2016. 
  3. Christiane, Weidemann; Larass, Petra; Klier, Melanie (2008). 50 Women Artists You Should Know. Munich: Prestel. OCLC 195744889. 
  4. 4,0 4,1 Joseph Baillio, Louise-Élisabeth Vigée-Lebrun (1982), Élisabeth Louise Vigée Le Brun 1755-1842, Kimbell Art Museum, s. 12 
  5. 5,0 5,1 Élisabeth Vigée Le Brun, Mémoires d'une portraitiste, 1855, réédité aux Éditions Scala en 1999
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 Nicholson, Kathleen. «Vigée Le Brun, Elisabeth-Louise». Grove Art Online. Oxford Art Online. Oxford University Press. Henta 21. november 2014. 
  7. Joseph Baillio (1982), Elisabeth Louise Vigée Le Brun, Kimbell Art Museum, s. 12  .
  8. Pierre de Nolhac, Henry Pannier (1908), Madame Vigée-Le Brun, Manzi, Joyant and Company, s. 20  .
  9. The Memoirs of Elisabeth Vigée-Le Brun. Sett om av Siân Evans. London: Camden Press. 1989. 
  10. Françoise Pitt-Rivers, Madame Vigée Le Brun, s. 56: Elle était en train de peindre dans son atelier, disent ses Souvenirs, quand les premières douleurs sont arrivées et elle ne s'est interrompue que pour mettre au monde sa fille.
  11. Langmuir, Erika (1997). The National Gallery Companion Guide (rev. utg.). London: National Gallery Publications Ltd. s. 328–329. 
  12. «Self-Portrait in a Straw Hat». National Gallery. Henta 10. mars 2018. 
  13. Duffy, Stephen; Hedley, Jo (2004). The Wallace Collection's Pictures: A Complete Catalogue. London: Unicorn Press and Lindsay Fine Art Ltd. s. 460–462. 
  14. 14,0 14,1 Sheriff, Mary D. (1996). The Exceptional Woman: Elisabeth Vigée-Lebrun and the Cultural Politics of Art. Chicago: University of Chicago. 
  15. Maîtres français, École nationale supérieure des beaux-arts, 1989, s. 292 
  16. Elisabeth Vigée Le Brun, femme rebelle brossée en 5 tableaux sur le site de France Info.
  17. Louise-Elisabeth Vigée-Lebrun (2008), Souvenirs, 1755-1842, H. Champion, s. 168 
  18. Louise-Elisabeth Vigée-Lebrun (1989), Mémoires d'une portraitiste, Scala, s. 191 
  19. Monique Mosser (1983/15), «Le souper grec de Mme Vigée Le Brun», Dix-Huitième Siècle (på fransk): 155–168 
  20. Jones, Colin (2003). The Great Nation: France from Louis XIV to Napoleon. London: Penguin Books. s. 364. ISBN 9780140130935. 
  21. Louise-Elisabeth Vigée-Lebrun (1989), Mémoires d'une portraitiste, Scala, s. 12 
  22. F. -R. Hervé-Piraux (1930), Trois grandes artistes : Élisabeth Vigeé-Lebrun, Rosa Bonbeur, Marie Bashkirtseff, Les Éditions Ardant, s. 28  .
  23. Louise-Elisabeth Vigée-Lebrun (2008), Souvenirs, 1755-1842, H. Champion, s. 36 
  24. Baillio, Joseph, red. (2005). The Arts of France from François Ier to Napoléon Ier. New York: Wildenstein. s. 325–329. 
  25. 25,0 25,1 Darius Spieth, Jean Baptiste Pierre Le Brun, marchand d'art et promoteur du Louvre Arkivert 2015-10-06 ved Wayback Machine. sur amisdulouvre.fr.
  26. Julia Kathleen Dabbs (2009), Life Stories of Women Artists, 1550-1800 (på engelsk), Ashgate, s. 441 
  27. 27,0 27,1 Élisabeth Vigée Le Brun, Mémoires d'une portraitiste, Éditions Scala, 1999 réel de 1855 s. 175-181, s. 202.
  28. culture.gouv.fr.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Louise Élisabeth Vigée Le Brun
Litteratur
  • Vigée, Louise Élisabeth: Souvenirs, Paris 1835–1837
  • Baillio, Joseph: Élisabeth Louise Vigée Le Brun, 1755-1842, University of Washington Press 1983, ISBN 0-295-96012-4
  • Mengden, Lida von: Der Schönheit Malerin … Erinnerungen der Elisabeth Vigée-Le Brun, Sammlung Luchterhand: Darmstadt/Neuwied 1985, ISBN 3-472-61553-2
  • Kertanguy, Inès de: Madame Vigée-Lebrun, Perrin 1994, ISBN 2-262-01625-9
  • Goodden, Angelica: The Sweetness of Life – A Biography of Elizabeth Louise Vigee Le Brun, Andre Deutsch 1998, ISBN 0-233-99021-6
  • Hauschild, Stephanie: Schatten – Farbe – Licht. Die Porträts von Elisabeth Vigée Le Brun, Dissertation Freiburg 1998, als CD-ROM: Darmstadt 2001. Tilgjengelig som tekst på Freiburger Dokumentenserver: http://www.freidok.uni-freiburg.de/volltexte/1170/
  • Walczak, Gerrit: Elisabeth Vigée-Lebrun, Deutscher Kunstbuchverlag, Berlin/München 2004, ISBN 3-422-06457-5 – og Recension av Elisabeth Décultot, Yerres, frå 9. desember 2005.