Hopp til innhald

Šventoji

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Šventoji
elv
Šventoji nær Vepriai
Land  Litauen
Nedslagsfelt 6 889 km²
Lengd 246 km
Middelvassføring 56,1 /s
Kjelde Siesartis
 •  høgd 225 moh.
Munning Neris
 •  høgd moh.
Kart
Šventoji
55°37′39″N 26°10′10″E / 55.6274°N 26.1695°E / 55.6274; 26.1695
Wikimedia Commons: Šventoji River

Šventoji er den lengste elva som berre renn innanfor Litauen. Elva er 246 km lang og munnar ut i Neris ved Jonava, som den største sideelva hennar. Den lengste sideelva til Šventoji er Širvinta.

Šventoji renn gjennom byane Anykščiai, Kavarskas og Ukmergė i Utena fylke, Vilnius fylke og Kaunas fylke. Det er bygd ei demning Kavarskas for å forsyne Nevėžis med vatn, som renn i nærleiken. Vatnet der vert nytta i industrien. Ordet Šventoji tyder «den heilage» (hokjønn).