Acoustic av Simple Minds
Acoustic Studioalbum av Simple Minds | ||
Utgjeve | 11. november 2016 | |
Studio | Gorbals Studio i Glasgow i Skottland | |
Sjanger | Akustisk | |
Selskap | Caroline International | |
Produsent | Gavin Goldberg, Simple Minds, Andy Wright | |
Simple Minds-kronologi | ||
---|---|---|
Big Music (2014) |
Acoustic | Walk Between Worlds (2018)
|
Singlar frå Acoustic | ||
|
Acoustic er det 17. studioalbumet til det skotske rockebandet Simple Minds, gjeve ut på 11. november 2016 av Caroline International.[1] Albumet består av akustiske studioinnspelingar av songar dei tidlegare hadde gjevne ut og fekk middels kritikk.[2]
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Opphavet for Acoustic kan sporast attende til eit opptak bandet spelte inn for BBC Radio Two-programmet Chris Evans Breakfast Show den 26. september 2014 i samband med markandsføringa av det førre albumet deira, Big Music. Bandet vart overraska over den særs positive reaksjonen på dei akustiske opptaka.[3]
Den akustiske versjonen av «Promised You a Miracle», med den skotske songaren og låtskrivaren KT Tunstall, kom ut 28. september 2016.[4]
Albumet debuterte på 16. plassen på UK Albums Chart, etter å ha selt 10 000 eksemplar den første veka. Dette vart det 14. albumet til Simple Minds som nådde topp 20.[5]
Mottaking
[endre | endre wikiteksten]Albumet fekk blanda kritikk. Timothy Monger i AllMusic skreiv at bandet «mangla høvet til å dramatisk snu opp ned på repertoaret sitt».[6] Andy Gill i The Independent meinte det var «ein velkomen vårreingjering» og noterte seg ein påverknad frå visemusikk.[7] David Quantick skreiv for magasinet Classic Rock, og skildra albumet som «eit rart album, som prøver å homogenisere den stadig endrande stilen til Simple Minds» men konkluderte med at det var «ei konsistent samling», og meinte at versjonen deira av Richard Hawley-songen «Long Black Train» var «gripande effektiv».[8]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «The American» | 4:30 |
2. | «Promised You a Miracle» (med KT Tunstall) | 4:35 |
3. | «Glittering Prize» | 4:07 |
4. | «See the Lights» | 4:58 |
5. | «New Gold Dream (81-82-83-84)» | 4:58 |
6. | «Someone Somewhere in Summertime» | 4:40 |
7. | «Waterfront» | 5:16 |
8. | «Sanctify Yourself» | 4:59 |
9. | «Chelsea Girl» | 4:28 |
10. | «Alive and Kicking» | 5:53 |
11. | «Don't You (Forget About Me)» | 5:16 |
12. | «Long Black Train» | 4:36 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
13. | «Stand by Love» | |
14. | «Speed Your Love to Me» | |
15. | «Light Travels» |
Salslister
[endre | endre wikiteksten]Liste (2016) | Plassering |
---|---|
Belgiske album (Ultratop Flandern)[9] | 12 |
Belgiske album (Ultratop Vallonia)[10] | 11 |
Nederlandske album (MegaCharts)[11] | 27 |
Franske album (SNEP)[12] | 122 |
Tyske album (Offizielle Top 100)[13] | 39 |
Irske album (IRMA)[14] | 61 |
Italienske album (FIMI)[15] | 31 |
Portugisiske album (AFP)[16] | 43 |
Skotske album (OCC)[17] | 8 |
Spanske album (PROMUSICAE)[18] | 72 |
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[19] | 33 |
Britiske album (OCC)[20] | 16 |
Salstrofé
[endre | endre wikiteksten]Region | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
Storbritannia (BPI)[21] | Sølv | 60 000^ |
*salstala er basert på sertifiseringa aleine |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Acoustic (Simple Minds album)» frå Wikipedia på engelsk, den 12. september 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Acoustic – 2016». simpleminds.com. 28. september 2016. Henta 6. september 2020.[daud lenkje]
- ↑ Simple Minds Acoustic by Simple Minds, henta 12. september 2020[daud lenkje]
- ↑ «Dream Giver Redux – news 2014». Dream Giver Redux (www.simpleminds.org). 2014. Henta 12. september 2020.
- ↑ «Simple Minds Acoustic Released 11th Nov». Simple Minds Ltd. 28. september 2016. Henta 12. september 2020.[daud lenkje]
- ↑ Jones, Alan. «Official Charts Analysis: Olly Murs fifth album debuts at No.1». Music Week. Henta 12. september 2020.
- ↑ Monger, Timothy. «Acoustic - Simple Minds | Songs, Reviews, Credits». AllMusic. Henta 12. september 2020.
- ↑ Gill, Andy (9. november 2016). «Platemeldingar: Emeli Sandé, Sting, Alicia Keys, Simple Minds». The Independent (på engelsk). Henta 12. september 2020.
- ↑ Quantick, David (24. oktober 2016). «Simple Minds - Acoustic album review». Classic Rock (på engelsk). Henta 12. september 2020.[daud lenkje]
- ↑ "Simple Minds – Acoustic" (På nederlandsk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 12. september 2020.
- ↑ "Simple Minds – Acoustic" (På fransk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 12. september 2020.
- ↑ "Simple Minds – Acoustic". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 12. september 2020.
- ↑ "Simple Minds – Acoustic". Lescharts.com. Hung Medien. Henta 10. september 2020.
- ↑ "Offiziellecharts.de – Simple Minds – Acoustic" (På tysk). GfK Entertainment Charts. Henta 12. september 2020.
- ↑ "GFK Chart-Track". Chart-Track.co.uk. GFK Chart-Track. IRMA. Henta 12. september 2020.
- ↑ «Album – Classifica settimanale WK 46 (dal 2016-11-11 al 2016-11-17)» (på italiensk). Federazione Industria Musicale Italiana. Henta 12. september 2020.
- ↑ "Simple Minds – Acoustic". Portuguesecharts.com. Hung Medien. Henta 30. november 2016.
- ↑ "2016-11-18 Top 40 Skotske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 12. september 2020.
- ↑ «TOP 100 ALBUMES — SEMANA 46: del 11.11.2016 al 17.11.2016» (på spansk). Productores de Música de España. Henta 24. november 2016.
- ↑ "Simple Minds – Acoustic". Swisscharts.com. Hung Medien. Henta 23. november 2016.
- ↑ "2016-11-18 Top 40 Official Britiske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 12. september 2020.
- ↑ «British album salstrofé – Simple Minds – Acoustic». British Phonographic Industry. Henta 28. mars 2020. Enter Acoustic in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go