Adam Ant
Adam Ant | |||
| |||
Fødd | 3. november 1954 (70 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Marylebone | ||
Fødenamn | Stuart Leslie Goddard | ||
Opphav | Marylebone i London | ||
Aktiv | 1976 til i dag | ||
Sjanger | New Wave, post-punk, New Romantic | ||
Instrument | Vokal, gitar, bass | ||
Plateselskap | CBS, Columbia, MCA, EMI | ||
Verka som | Musikar |
Adam Ant (fødd Stuart Leslie Goddard, 3. november 1954) er ein engelsk musikar som vart kjend som songar og frontmann i New Wave/post-punk-gruppa Adam and the Ants og seinare som soloartist. Dei hadde fleire hittar i heimlandet mellom 1980 og 1983, inkludert tre førsteplassar. Ant var òg ei stjerne i Amerika der han ikkje berre fekk fleire hitsinglar og album, men ein gong vart kåra til den mest sexy mannen i Amerika av sjåarane på MTV. Han var òg skodespelar og har spelt i fleire filmar og fjernsynsepisodar mellom 1985 og 2003.[1]
Sidan 2010 har Ant helde fram musikkarrieren sin og spelt fleire konsertar, spelt inn eit nytt album og turnert i Storbritannia.[2][3]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Det første bandet til Goddard var Bazooka Joe, der han spelte bassgitar. Som oppvarmingsband for Sex Pistols fekk han inspirasjon, og avgjorde seg for å forlate bandet og starte banda B-Sides. Etter eit nervøst samanbrot og sjølvmordforsøk, og etter at han kom ut frå sjukehuset, tok han namnet Adam Ant. B-Sides heldt aldri konsertar, og bandet vart snart oppløyst.
Han starta bandet Adam and the Ants i 1977, og gav ut tre album. To av albuma selde til platinaplate. Bandet vart kreditert for å ha vore med å skape overgangen mellom punk og new wave, og var ein del av New Romantic-sjangeren. Adam oppløyste bandet i mars 1982.
Han gjekk solo etter at The Ants var oppløyst, og gav ut albumet Friend or Foe same år. Frå albumet kom singelen «Goody Two Shoes» som vart ein hit med førsteplass på hitlistene i Storbritannia og Australia, og ein 12. plass i USA.
Anna
[endre | endre wikiteksten]Goddard lid av bipolar liding, noko som har gjort at han fleire gonger har vorte straffa for hærverk og truslar, og dessutan tvangsinnlagt på psykiatrisk sjukehus. Han har vore gift to gonger, og har ei dotter frå det siste ekteskapet.
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]Adam and the Ants
[endre | endre wikiteksten]Adam Ant
[endre | endre wikiteksten]- Friend or Foe
- Strip
- Vive Le Rock
- Manners and Physique
- Wonderful
- Adam Ant Is The Blueblack Hussar in Marrying The Gunner's Daughter
TV & Film
[endre | endre wikiteksten]- Sweetwater (1999) Fjernsynsfilm basert på eit 60-talsband
- La Femme Nikita (1999) TV Episode
- Junk (1997) (kort britisk film)
- Face Down (1996)
- Lover's Knot (1996)
- Batman: The Animated Series (1995) fjernsynsepisode
- Cyber Bandits (1995)
- Desert Winds (1995)
- Drop Dead Rock (1995)
- Acting on Impulse (1993)
- Love Bites (1993)
- Northern Exposure (1992) fjernsynsepisode som «Brad Bonner»
- Spellcaster (1992)
- Tales from the Crypt (1992) fjernsynsepisode
- Midnight Heat (1991)
- Trust Me (1989)
- Out of Time (1988)
- World Gone Wild (1988)
- Cold Steel (1987)
- Sledge Hammer! (1987) fjernsynsepisode
- Slam Dance (1987)
- Amazing Stories (1987) fjernsynsepisode
- Nomads (1986)
- Amazing Stories Season 2 (1986)
- Hondareklame med Grace Jones (1986)
- The Equalizer (1985) fjernsynsepisode
- Motown 25: Yesterday, Today, Forever (1983)
- Cannon and Ball Show (1982) fjernsynsepisode
- Jubilee (1977)
Teater
[endre | endre wikiteksten]- Funeral Games (1996)
- Be Bop A Lula (1993)
- West (1993)
- Entertaining Mr. Sloane (1985)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Adam Ant» frå Wikipedia på engelsk, og «Adam Ant» frå Wikipedia på bokmål den 14. desember 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Adam Ant ved The Internet Movie Database (IMDb)
- ↑ http://www.music-news.com/showreview.asp?H=Adam-Ant-interview&nReviewID=6928
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 1. januar 2012, henta 14. desember 2011
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- adam-ant.net - Offisiell side
- Adam Ant ved The Internet Movie Database (IMDb)
- Utdrag frå Stand and Deliver Arkivert 2011-09-28 ved Wayback Machine.