Albert Balchen
Albert Balchen | |||
Albert Henrik Krohn Balchen Foto: Ludwik Szacinskis fotoatelier / Oslo Museum | |||
Fødd | 8. oktober 1825 Gaular kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 12. november 1908 (83 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar, prest, lærar | ||
Alle verv |
|
Albert Henrik Krohn Balchen (8. oktober 1825–12. november 1908) var ein lærar, prest, forfattar og stortingsmann, fødd i Gaular.
Balchen var son til ein prest. Han vart student frå Bergens skole i 1844 og vart cand. theol. i 1848. Dei neste åra var han skulelærar og huslærar. Frå 1851 var han styrar ved borgarskulen i Levanger, deretter lærar ved borgar- og realskulen i Christiania. Sidan var han sokneprest i Trysil 1858-67, Sarpsborg 1867-76, Høland 1876-84 og i Larvik 1884-97. Han var ordførar og sparebank-«direktør» (dvs styremedlem) i Trysil, og medlem av forlikskommisjonen i Sarpsborg.
Balchen representerte Sarpsborg på Stortinget 1868-76 og Larvik og Sandefjord frå 1886 til -91. Han var i 1868-69 medlem av kyrkjekomite nr 1. Dei to neste tingperiodane var han sekretær i kyrkjekomiteen, fram til han i 1876 var han formann for komiteen. Han fekk atter sete i kyrkjekomiteen då han kom innatt på Stortinget, 1886-91. Den siste tingbolken, 1889-91, var han i tillegg medlem av Lagtinget. Balchen var elles medlem av skattelovskommisjonen av 1884.
Han døydde i Kristiania i 1908.
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]- 1851 – Udvalg af christelige Psalmer
- 1854 – Kort Grundrids af den norske Ord- og Sætningslære (Levanger: A. Balchen)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Albert Balchen NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
- Om Albert Balchen i Fylkesleksikon Sogn og Fjordane
- Einskildmenn
- Fødde i 1825
- Døde i 1908
- Stortingsrepresentantar 1868-1870
- Stortingsrepresentantar 1871-1873
- Stortingsrepresentantar 1874-1876
- Stortingsrepresentantar 1886-1888
- Stortingsrepresentantar 1889-1891
- Stortingsrepresentantar frå Høgre
- Ordførarar i Trysil
- Norske prestar
- Norske lærarar
- Folk frå Gaular
- Forfattarar frå Gaular
- Norske sakprosaforfattarar