Hopp til innhald

Alex Haley

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alex Haley

Statsborgarskap USA, Mali
Fødd 11. august 1921
Ithaca
Død

10. februar 1992 (70 år)
Seattle

Yrke journalist, skribent, historikar, romanforfattar, genealog, militær, biograf, manusforfattar
Medlem av Kongeriket Marokkos Akademi
Far Simon Haley
Mor Bertha George Haley
Alex Haley på Commons

Alexander Murray Palmer Haley (11. august 192110. februar 1992) var ein amerikansk journalist og forfattar, kjend som Alex Haley. Han tok særleg for seg afroamerikanske tema, og er best kjend for boka Roots (Røtter), som blei gjort om til ein kjend tv-serie.

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]

Haley var fødd i Ithaca i New York, men budde i fem år av oppveksten sin i Tennessee. Han tenestegjorde i tjue år innan den amerikanske kystvakta, mellom anna under den andre verdskrigen. Frå 1959 verka han som frilansjournalist, og intervjua mellom anna Martin Luther King Jr., Muhammad Ali, Miles Davis og nynazistleiaren George Lincoln Rockwell for Playboy.

Haley var gift tre gonger. Han døydde av eit hjarteinfarkt i 1992.

Røtter (Roots) frå 1976 er den best kjende boka hans. Her skildrar han slektshistoria si frå stamfaren Kunta Kinte, som kom til Amerika som slave frå Gambia, og etterkommaren hans fram til og med seg sjølv. Boka blei gjort om til ein tv-serie send på ABC i 1977.

Haley hjelpte også Nation of Islam-leiaren Malcolm X med å skriva sjølvbiografien sin. Etter at Malcolm X var blitt drepen skreiv han ferdig biografien saman med enkja hans, Betty Shabazz.

Bibliografi (utval)

[endre | endre wikiteksten]
  • The autobiography of Malcolm X 1965
  • Roots 1976, norsk utgave 1977
  • Plantasjebarnet Queen 1993, norsk utgåve 1997