Hopp til innhald

Alexander Søderlund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alexander Søderlund
Personleg informasjon
Fullt namn Alexander Toft Søderlund
Kallenamn Søder
Fødd 3. august 1987 (37 år)
Fødestad Haugesund
Høgd 187 cm
Posisjon Angrepsspelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Haugesund
Nummer 9
Ungdomsklubbar
Noreg Haugesund
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
200608
2008
200810
2008
2009
2010
2010
2011
Noreg Vard
Noreg Skjold
Italia Treviso
Belgia Namur (lån)
Island sitt flagg FH (lån)
Italia Lecco
Noreg Vard
Noreg Haugesund
11 (4)
-
0 (0)
3 (0)
18 (3)
7 (0)
12 (4)
21 (9)[1]
Landslag
2006 Noreg Noreg U21 1 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 29. august 2011
‡ Landslagsmål oppdatert 2. juni 2012

Alexander Toft Søderlund (fødd 3. august 1987 i Haugesund) er ein norsk fotballspelar som i 2011-sesongen spelar i angrep for Haugesund i Tippeligaen. Han vart seriemeister på Island med Fimleikafélag Hafnarfjarðar i 2009.

Søderlund begynte karrieren sin i FK Haugesund og vart tidleg rekna som eit stort talent, men han var ofte skada og kom ikkje med på Haugesund sitt A-lag. I 2006 gjekk han difor til FKH sin veslebror, Vard Haugesund, der han fekk seriedebuten sin. Før overgangen til Vard fekk han òg ein kamp for Noreg sitt U21-landslag. Mens han var i Vard, var Søderlund på prøvespel Lecce og Pisa i italiensk Serie B, men utan at det vart nokon overgang.[2] Han var òg på prøvespel hjå den franske tredjedivisjonsklubben Entente, som tilbaud han kontrakt, men dette vart ikkje noko av då Vard ikkje ville la han gå gratis.[3] Men Søderlund var svært lysten på å spela i utlandet og skreiv under kontrakt med den italienske fotballagenten Corvino Polomba.[4] Sommaren 2008 fekk han kontrakt for Serie B-klubben Treviso.[5]

Treviso vart heller ingen stor suksess for rogalendingen. I sesongoppkøyringa fekk han spela mykje og skåra òg mål,[6] men hamna så på juniorlaget til Treviso. I august 2008 vart han lånt ut til det belgiske andredivisjonslaget UR Namur. Hjå botnlaget Namur spelte han tre kampar utan å skåra, før han vart henta attenda til Italia etter tre månader.

Mot slutten av 2008/09-sesongen gjekk Treviso mot nedrykk og konkurs, og prøvde iherdig å få avsetning for spelarane sine. Søderlund hamna denne gong på Island, hjå dei islandske meisterane Fimleikafélag Hafnarfjarðar på utlån for den islandske 2009-sesongen.[7][8] Her fekk han fast plass på laget, fekk oppleva Meisterligaspel og var med på å vinna the double på Island.

Etter utlånsperioden til Island løyste Treviso Søderlund frå kontrakten. Han var så på prøvespel hjå den italienske tredjedivisjonsklubben Calcio Lecco i januar 2010,[9][10] og fekk kontrakt for fire månader med klubben. Han fekk spela dei fleste kampane, men mest som innbytar. Lecco rykte ned frå Serie C etter sesongen.[11]

Hausten 2010 var Søderlund tilbake i Vard Haugesund. Etter 2010-sesongen prøvespelte han for FK Haugesund og imponerte nok til å få ein toårskontrakt med Tippeligaklubben frå januar 2011.[12] Vard fekk ein overgangssum for spelaren.[13] Han spelte frå start i Haugesund sin opningskamp i 2011-sesongen og skåra dei to første tippeligamåla sine heime mot Stabæk 8. mai 2011.

  • Denne artikkelen begynte med omsett stoff frå tysk Wikipedia 2. mai 2011.
  1. Norsk og internasjonal fotballstatistikk
  2. "Prøver seg i Serie B" frå Haugesunds avis, 7. november 2007
  3. "Søderlund ønsket av fransk klubb" frå Haugesunds avis 7. august 2007
  4. "Søderlund signerte kontrakt i Italia"[daud lenkje] frå Haugesunds Avis 1. desember 2006
  5. "Til Treviso i morgen"[daud lenkje] frå Haugesunds avis 16. juli 2008
  6. "Scoret i debuten"[daud lenkje] frå Haugesunds Avis 24. juli 2008
  7. "Klar for Mesterligaen"[daud lenkje] frå Haugesunds avis 3. april 2009
  8. Norskur framherji til FH-inga (på islandsk) frå Morgunblaðið 11. mars 2009
  9. "Lecco, in prova Söderlund" (på italiensk) frå TuttoMercatoWeb 18. januar 2010
  10. "Norvegese in prova al Lecco E' l'attaccante Söderlund" (på italiensk) frå La provincia di Lecco 19. januar 2010
  11. "Tilbake i Vard" frå Haugesunds avis 26. mai 2010
  12. "Alexander Søderlund skrev under 2-års kontrakt med FKH" Arkivert 2010-12-24 ved Wayback Machine. frå nettsidene til FK Haugesund
  13. "Trente seg til kontrakt"[daud lenkje] frå Fædrelandsvennen 13. desember 2010

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Alexander Søderlund