Anchorage
Anchorage | ||
---|---|---|
| ||
Styresmakter | ||
USA | USA | |
Borgarmeister | Suzanne LaFrance | |
Geografi | ||
Flatevidd | 5 035,063041 km² | |
Innbyggjarar - By (1. april 2020) |
291 247[1][2] | |
Høgd over havet | 31 m | |
Tidssone | UTC-09:00, UTC-08:00 (UTC) | |
Diverse anna | ||
Heimeside: https://www.muni.org | ||
Plassering | ||
Plasseringa av Anchorage (raud) i Alaska |
Anchorage er ein by og ein kommune («borough») i den USA-amerikanske delstaten Alaska. Kommunen har ei flatevidd på 5 079,2 kvadratkilometer og 291 826 ibuarar (2010); drygt 40 % av folket i Alaska bur såleis i kommunen. Sjølve byen har i kring 240 000 ibuarar. Ordet «anchorage» tyder ankerplass.
Anchorage by ligg på 61,2° nordleg breidd i den sentrale delen av delstaten, ved Chickaloon Bay, ca 1 000 km vest om Juneau, hovudstaden i Alaska. På grunn av nærleiken til havet er klimaet ikkje så kaldt som på stader i innlandet på same breiddegrad, somrane er derimot litt svalare enn dei i innlandet, så som Fairbanks.
Den 27. mars 1964 gjorde eit jordskjelv store skader på bygningar i byen, og fleire menneske omkom. Det såkalla Langfredagsskjelvet vart målt til 9,2 på Richterskalaen, og er det kraftigaste jordskjelvet i USA. I dag er City-hospitalet, teikna av Frank Lloyd Wright, den mest kjende bygningen i Anchorage.
I Anchorage finst to universitet, University of Alaska (skipa 1954) og Alaska Pacific University (skipa 1957).
Samferdsle
[endre | endre wikiteksten]Anchorage har ein stor internasjonal flyplass, Ted Stevens Anchorage International Airport. Fly er eit viktig transportmiddel, mange gamle propellfly som DC-3 flyg framleis kommersielt i denne delstaten.
Anchorage er knytt til den einaste jarnvegen i Alaska; Alaska Railroad.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 https://data.census.gov/cedsci/table?q=United%20States&tid=DECENNIALPL2020.P1; vitjingsdato: 21. september 2021.
- ↑ 2,0 2,1 https://data.census.gov/cedsci/table?t=Populations%20and%20People&g=0100000US,%241600000&y=2020; vitjingsdato: 1. januar 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Anchorage» frå Wikipedia på svensk, den 2. august 2012.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Municipality of Anchorage (engelsk)