Anders Besseberg
Anders Besseberg | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 25. februar 1946 (78 år) |
Yrke | skiskyttar, skiskyttertrener, idrettsleder |
Medlem av | Norges idrettsforbund, Norges Skiskytterforbund |
Anders Besseberg på Commons |
Anders Besseberg (fødd 25. februar 1946) er ein norsk tidlegare skiskyttar og skiskyttartrenar. Han var president i Det internasjonale skiskyttarforbundet (IBU) frå 1992 til 2018.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Besseberg var i sin aktive periode på det norske landslaget i skiskyting. I 1976 vart han norsk landslagstrenar, ei stilling han hadde til 1980.
Han byrja deretter i IBUs tekniske komité og vart visepresident i forbundet i 1988. Han overtok leiarvervet etter russaren Igor Novikov i 1992. I løpet av Bessebergs tid som leiar har skiskyting utvikla seg til å bli ein av dei viktigaste vinteridrettane. Under IBU-kongressen 2010 i St. Petersburg ville han ikkje stilla som leiarkandidat, men etter massivt press lét han seg likevel velja att fram til 2014.[1]I september 2014 vart han endå ein gong vald for fire nye år på IBUs ellevte kongress i austerrikske St. Wolfgang im Salzkammergut med reint fleirtal.[2] Besseberg uttalte at han eigentleg ønskte å tre til side etter 22 år i vervet, men stilte til attval for å hindra at den kontroversielle,[3] russiske kandidaten Aleksandr Tikhonov vart vald til IBU-president. Besseberg vann klart med 33 stemmer, medan motkandidatane, Tikhonov og kanadiske James Carrabre, fekk høvesvis elleve og seks stemmer.[4]
Skuldingar om korrupsjon
[endre | endre wikiteksten]12. april 2018 informerte Besseberg norske medium at han trekte seg som IBU-president i etterkant av skuldingar om korrupsjon.[5] 28. januar 2021 vart ein granskingsrapport om korrupsjon i idretten offentleggjord.[6] Denne rapporten gjentok skuldingane om korrupsjon mot Besseberg.[7] I april 2023 kom eit tiltalevedtak basert på skuldingar frå Økokrim om grov korrupsjon.[8]Den 9. januar 2024 starta rettssaka i Buskerud tingrett der Anders Besseberg stod tiltalt for grov korrupsjon i utland.[9] Mellom anna var han skulda for å ha fått gåver og tenester frå russarar sentralt i saka.[10] 12. april 2024 vart Besseberg dømd til fengsel i tre år og éin månad og 1,41 millionar i verdiinndraging.[11] Besserud anka dommen på staden.[12]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Andreas Budalen; Marianne Kvamme Amengual (4. juni 2010). «Besseberg i ny kamp mot Tikhonov». NRK Sport. Henta 5. september 2014.
- ↑ «Anders Besseberg reelected as IBU President» (på engelsk). International Biathlon Union (IBU). 5. september 2014. Arkivert frå originalen 5. september 2014. Henta 5. september 2014.
- ↑ Send e-post til JournalistAnders Rove Bentsen; Lars Mørch Aaen (12. april 2024). «– Jeg begriper ikke at Russland plukker opp igjen den gamle røveren». NRK Sport. Henta 5. september 2014.
- ↑ «Bøygard: – Nå håper jeg russerne snart tar til vettet». NRK Sport. 5. september 2014. Henta 12. april 2024.
- ↑ Øystein Jarlsbo (12. april 2018). «Besseberg trekker seg som president: – Jeg er ikke korrupt». VG. Henta 12. april 2018.
- ↑ «Final report» (PDF) (på engelsk). IBU External Review Commission. 28. januar 2021. Henta 12. april 2024 – via aptoma.no.
- ↑ Gunnar Stavrum (28. januar 2021). «Skiskytter-skandalen gir skremmende innblikk i umoral og idrettskorrupsjon». Nettavisen. Henta 12. april 2024.
- ↑ Tore Ulrik Bratland; Jesper Nordahl Finsveen (17. april 2023). «Russisk beskjed». Dagbladet. Henta 12. april 2024.
- ↑ Nils Christian Mangelrød Journalist Hans Henrik Bårtvedt Journalist Halvor Ekeland Journalist. «Angriper bruk av stjernevitne: Mener Besseberg beskyldes for å ha mottatt penger» (på norsk bokmål). NRK. Henta 9. januar 2024.
- ↑ Mangelrød, Nils Christian (11. januar 2024). «Reagerer på politiavhør: – Hadde knapt sovet på to døgn». NRK Sport. Henta 11. januar 2024.
- ↑ Mangelrød, Nils Christian (12. april 2024). «Besseberg dømmes for russisk klokkegave». NRK Sport. Henta 12. april 2024.
- ↑ Christian August Cederblad; Bård Sørø Olsen; Joachim Remvik; Stian With; Birthe Skingen (12. april 2024). «Nådeløs dom». Dagbladet. Henta 12. april 2024.
- Denne artikkelen bygger på «Anders Besseberg» frå Wikipedia på bokmål, den 14. april 2024.