Anders Palm
Anders Palm | |||
| |||
Fødd | 6. juli 1942 Malmö | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Sverige | ||
Område | litteraturvitskap, Litteraturhistorie, språkvitskap | ||
Yrke | lingvist, universitetslærar, litteraturvitar | ||
Institusjonar | Lunds universitet |
Anders Palm (fødd 6. juli 1942 i Malmö) er ein svensk litteraturvitar og lingvist, som har vore professor i litteraturvitskap ved Lunds universitet. Han har gjeve ut ei lang rekkje bøker innan ulike sjangrar, m.a. ordbøker, litteraturanalytiske bøker og songbøker.[1]
Anders Palm har vore ei viktig drivkraft bak Medical Humanities. Konseptet er i dag ein del av den svenske lækjarutdanninga og inneber å sjå menneskekroppen frå eit humanioraperspektiv så vel som eit medisinsk perspektiv. Medical Humanities gjev lækjarstudentane høve til å bruka kunst, litteratur og musikk for å kritisera lækjarrolla og møta med pasientane. Omgrepet Medical Humanities vert også brukt ved lækjarutdanninga m.a. i USA.
For arbeidet sitt med Medical Humanities vart Anders Palm utnemnd til æresdoktor ved det medisinske fakultetet ved Universitetet i Lund. Utnemningsseremonien fann stad i Lund domkyrkje den 27. mai 2011.[2]
Utvalde verk
[endre | endre wikiteksten]- Kristet, indiskt och antikt i Hjalmar Gullbergs diktning, 1976
- Möten mellan konstarter, 1985
- Jag bor vid ett rastställe - Hjalmar Gullbergs landskap i dikt, bild och ton med Lennart Moberg, 1998.
Utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]- Doblougprisen (2003) saman med Mare Kandre.[3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Bokliste av Anders Palm hjå Libris
- ↑ Lunds universitet, 02.07.11: Anders Palm har utsetts till hedersdoktor vid Medicinska fakulteten 2011, arkivert frå originalen 31. januar 2016, henta 30. august 2013
- ↑ Svenska Akademien: Högtidssammankomst 20 december 2003
- Denne artikkelen bygger på «Anders Palm (litteraturvetare)» frå Wikipedia på svensk, den 30. august 2013.