Annette von Droste-Hülshoff
Annette von Droste-Hülshoff | |
Verkeleg namn | Anna Elisabeth Franzisca Adolphina Wilhelmina Ludovica Freiin von Droste zu Hülshoff |
Fødd | 12. januar 1797 Burg Hülshoff |
Død |
24. mai 1848 (51 år) |
Yrke | skribent, lyrikar, komponist, romanforfattar, skodespelforfattar |
Språk | tysk, latin, gamalgresk, fransk, engelsk |
Religion | Den romersk-katolske kyrkja |
Far | Clemens-August II. von Droste zu Hülshoff |
Mor | Therese Luise von Droste-Hülshoff |
Nettstad | http://www.droste-gesellschaft.de |
Annette von Droste-Hülshoff på Commons |
Annette von Droste-Hülshoff (10. januar 1797–24. mai 1848) var ein tysk forfattar og komponist, rekna som ei av dei viktigaste tyske kvinnelege poetane.
Liv og virke
[endre | endre wikiteksten]Annette von Droste-Hülshoff vart fødd på Burg Hülshoff ved Münster. Ho var dotter av Clemens August von Droste-Hülshoff og Therese von Haxthausen, og blei fødd inn ei gammal westfalisk katolsk adelsætt.[1][2][3] Ho levde eit tilbaketrekt og avgrensa liv, men arbeidde tidleg målretta mot å skape stor kunst.
På vegen mot å bli ei viktig forfattarinne dreiv ho ei tid samstundes som musikar og komponist. Musikkerfaringa blei av stor vekt for diktargjerninga ved at den hjelpte henne til å utvikle språkmelodi og verserytme.
I Gedichte (1844) syner ho seg som si tids største kvinnelege lyrikar, sjølv om ho litterært var framom si eiga tid og fekk vente lenge på anerkjenninga.
Annette von Droste-Hülshoff døydde på Burg Meersburg i Meersburg. Ho er gravlagd på Meersburger Friedhof.
Verk
[endre | endre wikiteksten]- Gedichte. Aschendorffsche Buchhandlung, Münster 1838.
- Die Judenbuche. (Novelle utgjeve i tidsskriftet Morgenblatt für gebildete Stände) 1842.
- Droste-Hülshoff, Annette Freiin von: Gedichte. Cotta´scher Verlag Stuttgart 1844.
- Westfälische Schilderungen. 1845.
- Das geistliche Jahr. (diktsyklus), 1818–1820 / 1839–1840 (gutenberg.spiegel.de).
- Der Knabe im Moor. (Ballade).
Referanser
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Biografi på balladen.de, henta 26. mars 2013
- ↑ etter andre kjelder 12. eller 14. januar, til dømes i Biografi i Lexikon Westfälischer Autorinnen und Autoren, henta 27. mars 2013
- ↑ I ei vitskapeleg avhandling av August Schröder i Beiträgen zur Westfälischen Familienforschung, bind 33–35, 1975–1977 blir 14. januar rekna som mest sannsynleg.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]
Originaltekst av Annette von Droste-Hülshoff ved Wikisource (de). |
- Verk av og om Annette von Droste-Hülshoff i katalogen til det tyske nasjonalbiblioteket
- Droste-Hülshoff, gutenberg.spiegel.de
- LWL-Literaturkommissions Droste-Portal
- Lenkesamling, Universitätsbibliothek der Freien Universität Berlin
- Dikt, wortblume.de
- Droste-Hülshoff, fembio.org
- Nach100jahren.de – litterært webprojekt om Annette von Droste-Hülshoff