Antarktisk oase
Ein antarktisk oase er eit stort område som er naturleg fritt for snø og is på det elles isdekte kontinentet i Antarktis.
Geologi
[endre | endre wikiteksten]I Antarktis er det i tillegg til fjelltoppar og nunatakar, andre naturlege snø- og isfrie område som ofte vert kalla «antarktiske oasar» eller «tørrdalar».[1][2] Desse områda er omgjeve av den antarktiske innlandsisen eller i kystområde som ligg mellom innlandsisen og isbremmane.
Antarktis oasar og tørrdalar oppstår i område med visse regionale vêrmønster og geografi. Desse områda har særs låg luftfukt og særs lite nedbør. Sjølv om områda er særs kalde, får dei nok solenergi til at bakken smeltar det vesle av snø som fell i området, eller snøen vert blese bort av dei katabatiske vindane.
Trass i ekstremt tørre tilhøve, veks det somme plantar, i form av mosar og lav i somme antarktiske oasar.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Dei største oasane er:
- McMurdo Dry Valleys, kring 4900 km² i Victoria Land
- Cape Hallett, nord i Victoria Land
- Bunger Hills, kring 950 km² i mellom Wilkes Land og Dronning Maud Land
- Holmevika i Mac. Robertson Land
- Vestfold Hills, kring 420 km² i Princess Elizabeth Land
- Larsemannfjella i Princess Elizabeth Land
- Stillwell Hills, kring 96 km² i Kemp Land
- Schirmacheroasen, kring 34 km² på Prinsesse Astrid Kyst i Dronning Maud Land
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Antarktisk oase» frå Wikipedia på engelsk, den 4. mars 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Riffenburgh, Beau Encyclopedia av Antarctica, vol II (Routledge, New York, 2007, ISBN 0-415-97024-5)
- ↑ http://iopscience.iop.org/1755-1315/1/1/012035/pdf/ees8_1_012035.pdf, IOP science, accessdate=4. mars 2014
- ↑ [1] Bernadette Hince, «The Antarctic dictionary: a complete guide to Antarctic English», 2000. Csiro Publishing, Collingwood, Australia, ISBN 0-9577471-1-X, accessdate=4. mars 2014