Arkiv
Utsjånad
Arkiv har fleire tydingar. Ei tyding er ein bygning der dokument vert lagra. Ei anna tyding er samling av dokument. Formålet med arkiv er å dokumentere samtida for framtidig forsking, og å ta vare på naudsynt dokumentasjon. Arkiv kan vere offentlege eller private.
I Noreg har Riksarkivet, som vert leia av riksarkivaren, ansvaret for arkiva. Regionalt finst det statsarkiv og i kvart fylke er det interkommunale arkiv med fylkeskommunen og kommunane i fylket som eigarar.
Arkiva si rolle i Noreg er definert i arkivlova.