Arvo Viitanen
Arvo Viitanen | |
Statsborgarskap | Finland |
Fødd | 12. april 1924 Uurainen |
Død |
28. april 1999 (75 år) |
Yrke | langrennsløpar |
Arvo Albert Viitanen (12. april 1924–28. april 1999) var ein finsk langrennar frå Uurainen i Mellersta Finland som i 1954 vart verdsmeister i 4 x 10 km stafett, og som vann i alt seks VM- og OL-medaljar i tida 1954-58.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Viitanen vann 18 km i Lahti-renna både i 1952, 1953 og 1954. Under Ski-VM 1954 i Falun vann han både gull, sølv og bronse i høvesvis 4 x 10 km stafett, 15 km og 50 km. På stafetten gjekk han tredjeetappen, dei andre gullvinnarane var August Kiuru, Tapio Mäkelä og Veikko Hakulinen.
I 1955-sesongen vann Viitanen femmila i Lahti og han vart finsk meister både på 15 og 50 km. Saman med Kiuru, Jorma Kortelainen og Hakulinen sikra han finsk sølv på stafetten under vinterleikane i Cortina d'Ampezzo. Seinare i OL-sesongen vann han 50-kilometeren i Holmenkollrenna i Oslo.
Under verdsmeisterskapen 1958 i heimlege Lahti sikra Viitanen seg to bronsemedaljar, fyrst på 4 x 10 km stafett og deretter på femmila. Hans siste store triumf var gullmedaljen på 30 km ved den finske skimeisterskapen 1959.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Arvo Viitanen» frå Wikipedia på tysk, den 18. september 2015.
- Denne artikkelen bygger på «Arvo Viitanen» frå Wikipedia på finsk, den 18. september 2015.