Austertana
Austertana | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Finnmark | ||
Kommune | Tana | ||
Austertana 70°26′18″N 28°30′38″E / 70.43833333°N 28.51055556°E |
Austertana (nordsamisk Juovlavuotna, kvensk Jouluvuono)[1] er ei bygd som ligg ved botnen av Leirpollen i Tana kommune i Finnmark fylke. Ho ligg rundt 30 kilometer nord-nordaust for kommunesenteret Tana bru, og busetnaden strekkjer seg frå Leirpollen og oppover nedre delen av Juladalen.[2] Grunnkrinsen Austertana hadde 199 innbyggjarar 1. januar 2017.[3]
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Berggrunnen i området består av sparagmitt frå Varanger-istida i eokambrium. Verdas nest største kvartsittbrot som blir drive av Elkem ligg i Austertana.[4]
Ved Austertana ligg Stangnestind, som er det høgaste fjellet på Varangerhalvøya med ei høgd på 724 meter over havet.
Den lengste sandstranda i Noreg ligg i Austertana. Ho er 13 km lang, og går frå Leirpollnes til Rødberget.[5] Ein del av staranda er halvøya Høyholmen, som er ein kjend stad for å sjå fuglar.
Det nordegaste punktet for bjørkeskog i Skandinavia er i Austertana.[5]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Austertana på Norgeskart.no frå Statens kartverk
- ↑ «Tabell: 04317: Folkemengde, etter grunnkrets». 20250101 Austertana. Statistisk sentralbyrå. Henta 26. januar 2018.
- ↑ «Austertana» (18. mars 2020) av Svein Askheim i Store norske leksikon, snl.no.. Fri ombruk.
- ↑ 5,0 5,1 «Høyholmen i Tanamunningen naturreservat», www.ut.no (på norsk), henta 6. mai 2020