Averser Rhinen
Averser Rhinen | |||
elv | |||
Averser Rhinen i Val Ferreradalen, litografi frå 1827
| |||
Land | Sveits | ||
---|---|---|---|
Kanton | Graubünden | ||
Tilløp | |||
• venstre | Bergalgabach | ||
• høgre | Jufer Rhind | ||
Nedslagsfelt | 261 km² | ||
Vassføring | |||
• middel | 11,5 m³/s | ||
Kjelde | Samløpet til Bergalgabach og Jufer Rhinen | ||
• høgd | 2 500 moh. | ||
- koordinatar | 46°24′3″N 9°32′56″E / 46.40083°N 9.54889°E | ||
Munning | Hinterrhein | ||
- stad | i Andeer | ||
- koordinatar | 46°34′59″N 9°25′20″E / 46.58306°N 9.42222°E | ||
Averser Rhinen 46°34′59″N 9°25′20″E / 46.5831°N 9.42222°E | |||
Wikimedia Commons: Averser Rhein |
Averser Rhinen (tysk Averser Rhein, retoromansk Ragn da Ferrera) er ei sideelv til Hinterrhein i sveitsiske kantonen Graubünden.
Løp
[endre | endre wikiteksten]Elva spring ut i Avers ved samløpet mellom Bergalgabach og den mindre Jufer Rhinen. Jufer Rhinen spring ut i, og er kalla opp etter, Juf, den høgastliggande permanent busette busetnaden i Europa, nær grensa til Albula. Frå kjelda renn Averser Rhinen med gjennom ei djup kløft, der den 80 meter høge Lezibrua kryssar. Ved botnen av dalen, møter ho den noko mindre Madrish Rhinen.
Etter nokre kilometer møter ho frå venstre Reno di Lei, som nesten berre renn over italiensk jord. Lago di Lei-reservoaret ligg òg på italiensk side, bortsett frå demninga som har skapt reservoaret, som står på sveitsisk side.
Averser Rhinen held fram gjennom Val Ferrera-dalen. Her ligg den øvre landsbyen Innerferrera (retoromansk Calantgil), der elva er demd opp, og dannar Innerferrerareservoaret sidan 1961. Nedanfor ligg Ausserferrera (retoromansk Farera), der bredalen er omgjeven av bratte heng. Averser Rhinen munnar ut i Hinterrhein i Roflaschlucht oppfor Andeer.
Vegen i Ferraradalen er ein [[blindveg].
Sideelvar
[endre | endre wikiteksten]Sideelvar frå venstre[1]
[endre | endre wikiteksten]- Bergalgabach (største kjelda til Averser Rhinen)
- Madrish Rhinen (retoromansk Ägua da Madris)
- Reno di Lei
- Ual da Niemet
Sideelvar frå høgre[1]
[endre | endre wikiteksten]- Jufer Rhinen
- Maleggabach
- Ava da Starlera
- Ava da Mulegn
- Aua Granda
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Avers Rhine» frå Wikipedia på engelsk, den 7. mars 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Tilsvarande artikkel på Tysk Wikipedia.