Børsa kyrkje
Utsjånad
Børsa kyrkje | |||
kyrkje | |||
Foto: T.M. Hetland | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Nidaros | ||
Prosti | Orkdal | ||
Sokn | Børsa | ||
Fellesråd | Skaun | ||
Type | langkyrkje | ||
Periode | nygotikk | ||
Arkitekt | Chr. H. Grosch[1] | ||
Teknikk | lafteverk | ||
Material | tre | ||
Innvigd | 1857[2] | ||
Tårn | ved vestre enden av skipet. | ||
Kyrkjegard | rundt kyrkja | ||
Altartavle | bilete frå kring 1730[1] | ||
Sitjeplassar | 450[1] | ||
Børsa kyrkje 63°19′31″N 10°04′24″E / 63.3252°N 10.0732°E | |||
Wikimedia Commons: Børsa kirke |
Børsa kyrkje står i Børsa i Skaun kommune i Trøndelag fylke, og er frå 1857.[2]
Arkitekt for bygget, som er i tre, var Christian Heinrich Grosch.[1] Kyrkja er ei langkyrkje der hovudskipet er orientert vest-aust med portalar i vest, sør og nord. Tårnet står i vest og koret er i aust. Koret har runda avslutting. Det er bygd til eit sakresti til dåpsfolk austom koret.
Kyrkja er soknekyrkje i Børsa kyrkjesokn i Orkdal prosti.
Inventar
[endre | endre wikiteksten]Altertalvla
[endre | endre wikiteksten]Altertavla er frå kring 1730 og er måla av Sigismundus Wagner. Motivet er Jesu siste måltid med følgjesveinane.[2] Tavla stod opphavleg i Krosskyrkja i Bergen og vart flytt til Børsa kyrkje i 1859.[1]
Kyrkjeklokker
[endre | endre wikiteksten]Det er to kyrkjeklokker i kyrkja. Begge er laga av Baklandets støberi, den eine i 1908 og den andre i 1910.[1]
Referansar
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Børsa kirke anno 1857. Børsa: Børsa menighetsråd. 1996.
- Børsa kirke hos Skaun kyrkjelege fellesråd
- Børsa kirke på Kyrkjesøk
- Børsa kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen
- Prestegjeld og sokn i Sør-Trøndelag» hos Arkivverket (har òg kyrkjebøker)