Hopp til innhald

Belsh

Koordinatar: 40°58′52″N 19°53′27″E / 40.98111°N 19.89083°E / 40.98111; 19.89083
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Belsh
Frå sentrum av Belsh
Frå sentrum av Belsh
Frå sentrum av Belsh
Byvåpenet til Belsh
Byvåpenet til Belsh
Styresmakter
Land
Region
Albania
Elbasan
Geografi
Flatevidd
 - By

196 km²
Innbyggjarar
 - By (2011)

19 503[1]
Koordinatar 40°58′52″N 19°53′27″E / 40.98111°N 19.89083°E / 40.98111; 19.89083
Tidssone CET (UTC+1)
Plassering
Belsh kommune innafor regionen Elbasan
Belsh kommune innafor regionen Elbasan
Belsh kommune innafor regionen Elbasan

Belsh er ein by og ein kommune i regionen Elbasan i Albania. Kommunen ligg sentralt i landet og grensar i vest til regionen Fier, i sør til regionen Berat.

Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Belsh vart slått saman med landkommunane Grekan, Kajan, Fierzë og Rrasë.[2] Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Belsh.

Ved folketeljinga i 2011 hadde den dåverande bykommunen Belsh 8 781 innbyggjarar, medan dei fem kommunane som i dag utgjer storkommunen Belsh, til saman hadde 19 503 innbyggjarar.[1]

Tidlegare administrativ inndeling

[endre | endre wikiteksten]

Fram til år 2000 var den dåverande bykommunen Belsh ein del av distriktet Elbasan.[3] Den dåverande bykommunen omfatta busetnadene:[2]

  • Belsh Qëndër
  • Çepe
  • Dushk
  • Belsh
  • Stanaj
  • Shkozë
  • Qafë Shkallë
  • Seferan
  • Trojas
  • Shkëndi
  • Gradisht
  • Marinëz
  • Shtith

Referansar

[endre | endre wikiteksten]