Berkeley Hills
Berkeley Hills | |||
åskjede | |||
Land | USA | ||
---|---|---|---|
Stat | California | ||
Berkeley Hills 37°52′58″N 122°14′16″W / 37.882777777778°N 122.23777777778°W | |||
Wikimedia Commons: Berkeley Hills |
Berkeley Hills er ei åskjede som er del av Pacific Coast Ranges og ligg langs nordaustsida av dalen som ligg kring San Francisco-bukta. Dei blei tidlegare kalla Contra Costa Range eller Hills[1][2] (opphavleg frå spansk Sierra de la Contra Costa), men det nye namnet blei etablert gjennom skipinga av Berkeley og University of California der.
Geologi
[endre | endre wikiteksten]Berkeley Hills ligg langs den store Hayward-forkastinga på vestsida og den mindre Wildcat-forkastinga på austsida. Dei høgaste toppane er Grizzly Peak (535 m) og Round Top (537 m), ein utdøydd vulkan, og William Rust Summit (306 m).
Vollmer Peak (581 m) blir allment sett på som del av Berkeley Hills, men er eigentleg del av San Pablo Ridge nær punktet der ho møter Berkeley Hills ved toppen av Wildcat Canyon. Vollmer Peak har namne etter den fyrste politimeisteren i City of Berkeley, August Vollmer. Tidlegare blei han kalla Bald Peak, og Rocky Mound på 1800-talet.[3]
Det går fleire tunellar gjennom Berkeley Hills. To er akveduktar for EBMUD; Berkeley Hills-tunellen tener Yellow Line i metrosystemet Bay Area Rapid Transit (BART). Caldecott-tunellen fører State Highway 24 mellom Oakland og Contra Costa County.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Engineers, United States Army Corps of (28. juli 1856). «Reports of Explorations and Surveys for a Railroad from the Mississippi River to the Pacific Ocean...1853-54» – via Google Books.
- ↑ The Atlantic, July 1874
- ↑ Topographical Map of Contra Costa County, Britton and Rey, 1871
- Denne artikkelen bygger på «Berkeley Hills» frå Wikipedia på engelsk, den 5. mars 2023.