Bhutankrigen
Bhutankrigen | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Storminga av Dewangiri | |||||||
| |||||||
Partar | |||||||
Storbritannia |
Bhutan | ||||||
Kommandantar | |||||||
Sir John Lawrence, Bt | Kagyud Wangchuk (1864) Tshewang Sithub (1865) |
Bhutankrigen (eller Duar-krigen) var ein krig utkjempa frå 1864 til 1865 mellom Britisk India og Bhutan. Krigen ende med at Bhutan formelt gav frå seg kontrollen over nokre sørlege fjellpassområde, kjend som Duars, og Dewangiri til Britisk India.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Tilhøvet mellom Bhutan og Britisk India hadde lenge vore prega av usemje over territorium og pengar. Britane hadde teke kontroll over assamesiske Duars i 1841, mot ein årleg sum på 10 000 rupiar, og overtok kontrollen over bengalske Duars i 1842.[1] Ein bhutansk delegasjon til Calcutta i 1852 bad om auka kompensasjon for dei tidlegare territoria, men fekk han i staden senka, ettersom britane hevda bhutanarane hadde plyndra områda under britisk kontroll. I 1862 utførte bhutanske styrkar raid i dei britisk-kontrollerte naboområde Sikkim og Cooch Behar, der dei tok folk, eigedom og pengar.[1]
Som svar heldt britane tilbake den årlege kompensasjonen, og kravde at alle dei fanga og dei stolne eigedelane skulle sendast tilbake. Dei sende desse krava til den bhutanske kongen (druk desi) utan å få svar. Kongen skal ikkje ha kjend til kva bhutanske representantar i grenseområda gjorde.
Bhutan var også prega av indre uro. I 1864 kjempa fleire om makta i landet. Britane forhandla med fleire ulike guvernørar (ponlop) og kongar. I 1864 sende dei ein delegasjon til landet for å forhandla om fred. Leiaren for delegasjonen, Ashley Eden, blei ifølgje Dictionary of National Biography, 1885-1900 «grovt fornærma og tvinga til å skriva under på ein avtale til fordel for Bhutia-ene».[2] Denne blei forkasta av dei sentrale kolonistyresmaktene,[3] og britane erklærte krig i november 1864.[1]
Bhutan hadde ikkje ein ståande hær, berre dzong-vakter med enkle våpen. Dei hadde liten sjanse mot dei godt utrusta britane.[1] Dei vann nokre slag, men tapte raskt krigen, som var over etter fem månader. Britane erobra festningen Dewangiri ved Deothang. Sidan dei først hadde lidd eit audmjukande nederlag der, reiv dei festningen etter at dei tok han attende.
Sinchula-traktaten
[endre | endre wikiteksten]Sinchula-traktaten blei underskriven 11. november 1865 av Herbert Bruce frå Britisk India, kongen av Bhutan og ministrane hans. Bhutan gav opp krava sine på Duars og eit 83 km² stort område ved Dewangiri søraust i Bhutan.[1] Blant landområde som blei overgjevne var ein eigedom seinare kjend som Bhutan House.[4][5] Som kompensasjon for dei tapte landområda fekk Bhutan ein årleg sum på 50 000 rupiar frå Britisk India.[1]
Traktaten blei ståande fram til 1910, då Bhutan og Britisk India inngjekk Punakha-traktaten.
Traktat-teksten[6] |
---|
On the 11th day of November, 1865 Treaty between His Excellency the Right Honourable Sir John Lawrence, G.C.B., K.S.I., Viceroy and Governor-General of Her Britannic Majesty's possessions in the East Indies, and the one part by Lieutenant Colonel Herbert Bruce, CB, by virtue of full powers to that effect vested in him by the Viceroy and Governor – General, and on the other part by Samdojey Deb Jimpey and Themseyrensey Donai according to full powers conferred on them by the Dhum and Deb Rajahs, 1865. ARTICLE I There shall henceforth be perpetual peace and friendship between the British Government and the Government of Bhootan. ARTICLE II Whereas in consequence of repeated aggressions of the Bhootan Government and of the refusal of that Government to afford satisfaction for those aggressions, and for their insulting treatment of the officers sent by His Excellency the Governor-General in Council for the purpose of procuring an amicable adjustment of differences existing between the two states, the British Government has been compelled to seize by an armed force the whole of the Doars and certain Hill Posts protecting the passes into Bhootan, and whereas the Bhootan Government has now expressed its regret for past misconduct and a desire for the establishment of friendly relations with the British Government, it is hereby agreed that the whole of the tract known as the Eighteen Doars, bordering on the districts of Rungpoor, Cooch Behar, and Assam, together with the Taloo of Ambaree Fallcottah and the Hill territory on the left bank of the Teesta up to such points as may be laid down by the British Commissioner appointed for the purpose is ceded by the Bhootan Government to the British Government forever. ARTICLE III The Bhootan Government hereby agree to surrender all British subjects, as well as subjects of the Chief of Sikkim and Cooch Behar who are now detained in Bhootan against their will, and to place no impediment in the way of the return of all or any of such persons into British territory. ARTICLE IV In consideration of the cession by the Bhootan Government of the territories specified in Article II of this Treaty, and of the said Government having expressed its regret for past misconduct, and having hereby engaged for the future to restrain all evil disposed persons from committing crimes within British territory or the territories of the Rajahs of Sikkim and Cooch Behar and to give prompt and full redress for all such crimes which may be committed in defiance of their commands, the British Government agree to make an annual allowance to the Government of Bhootan of a sum not exceeding fifty thousand rupees (Rupees 50,000) to be paid to officers not below the rank of Jungpen, who shall be deputed by the Government of Bhootan to receive the same. And it is further hereby agreed that the payments shall be made as specified below: On the fulfillment by the Bhootan Government of the conditions of this Treaty Twenty Five Thousand Rupees (Rupees 25,000). On the 10th January following the 1st payment, thirty five thousand rupees (Rupees 35,000) On the 10th January following, forty-five thousand rupees (Rupees 45,000) On every succeeding 10th January, fifty thousand rupees (Rupees 50,000) |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Worden, Robert L., «British Intrusion, 1772–1907», i Savada, Andrea Matles; Harris, George Lawrence, Nepal and Bhutan : country studies, Library of Congress. Federal Research Division. (public domain)
- ↑ «grossly insulted and forced to sign a treaty highly favourable to the Bhutiás.»
- ↑ Henry Morse Stephens. «Eden, Ashley». Dictionary of National Biography, 1885-1900,.
- ↑ Hilker, Deb Shova Kansakar (2005). Syamukapu: The Lhasa Newars of Kalimpong and Kathmandu. Vajra Publications. ISBN 99946-644-6-8. Henta 12. august 2011.
- ↑ Arts of Asia 17. Arts of Asia Publications. 1987. s. 107. Henta 12. august 2011.
- ↑ Singh, Nagendra; Jawaharlal Nehru University (1978). «Appendix VII – The Treaty of Sinchula». Bhutan: a Kingdom in the Himalayas : a study of the land, its people, and their government (2. utg.). Thomson Press Publication Division. s. 243. Henta 25. august 2011.
- Denne artikkelen bygger på «Bhutan War» frå Wikipedia på engelsk, den 29. desember 2017.