Hopp til innhald

Bibcode

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bibcode er ein identifikator brukt av ei rekkje astronomiske datasystem for å spesifiera litteraturreferansar. Bibcode blei utviklet for bruk i SIMBAD og NASA/IPAC Extragalactic Database (NED), men er no meir utbreidd i bruk – for eksempel i NASA sitt Astrophysics Data System.[1][2] Koden har ei fastlagd lengd på 19 teikn og har denne forma: YYYYJJJJJVVVVMPPPPA der YYYY er årstalet for referansen og JJJJJ er ein kode som indikerer kvar referansen blei publisert. I tilfellet med ein artikkelreferanse er VVVV bandnummeret, M indikerer seksjonen i artikkelen der referansen blei bublisert (for eksempel B for ein bokstavseksjon), PPPP viser startsiden og A er den første bokstaven i etternamnet til den første forfattaren. Punktum (.) blir brukt for å fylla ubrukte felt og for å få felta til å bli den fastlagde lengda om koden er for kort. Dette gjer ein til høgre for publikasjonskoden og til venstre for band- og sidenummera.[1][2]

Nokre kodedøme:

Bibcode        Referanse
1974AJ.....79..819H   Heintz, W.D. (1974). «Astrometric study of four visual binaries». The Astronomical Journal 79: 819–825. Bibcode:1974AJ.....79..819H. doi:10.1086/111614. 
1924MNRAS..84..308E   Eddington, A.S. (1924). «On the relation between the masses and luminosities of the stars». Monthly Notices of the Royal Astronomical Society 84: 308–332. Bibcode:1924MNRAS..84..308E. 
1970ApJ...161L..77K   Kemp, J.C.; Swedlund, J.B.; Landstreet, J.D.; Angel, J.R.P. (1970). «Discovery of circularly polarized light from a white dwarf». The Astrophysical Journal Letters 161: L77–L79. Bibcode:1970ApJ...161L..77K. doi:10.1086/180574. 
  1. 1,0 1,1 M. Schmitz; G. Helou; P. Dubois; C. LaGue; B. Madore; H. G. Corwin Jr.; S. Lesteven (1995). «NED and SIMBAD Conventions for Bibliographic Reference Coding». I Daniel Egret; Miguel A. Albrecht. Information & On-Line Data in Astronomy. Kluwer Academic Publishers. ISBN 0-7923-3659-3. Henta 22. juni 2011. 
  2. 2,0 2,1 «The ADS Data, help page». NASA ADS. Henta 5. november 2007.