Boyacá-departementet
Utsjånad
Boyacá | |||
Departement | |||
Land | Colombia | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | Tunja | ||
Areal | 23 189 km² | ||
Folketal | 1 242 731 (2020)[1] | ||
Grunnlagd | 1858 | ||
Boyacá-departementet 5°45′N 73°06′W / 5.75°N 73.1°W | |||
Kart som viser Boyacá-departementet.
| |||
Wikimedia Commons: Boyacá Department |
Boyacá er eit departement i det sentrale området av Colombia. Departementet grensar til Venezuela og dessutan til nabodepartementa Arauca, Casanare, Cundinamarca, Antioquia, Santander og Norte de Santander. Geografisk strekkjer Boyacá seg frå fjellområdet Cordillera og vestover til elva Río Magdalena. Hovudstaden heiter Tunja. Andre byar er Duitama, Puerto Boyacá, Soatá og Sogamoso.
Innanfor jordbruk vert dyrka det blant anna poteter, kveite, kaffi, tobakk og ulike typar frukt. Ein utvinn òg smaragdar i departementet.
Boyacá var ein av dei ni departementa som tidlegare utgjorde «Colombias sameinte statar».
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 https://www.dane.gov.co/index.php/estadisticas-por-tema/demografia-y-poblacion/proyecciones-de-poblacion; utgjevar: Departamento Administrativo Nacional de Estadística.
- Denne artikkelen er ei omsetjing av samsvarande artikkel på Wikipedia på bokmål, den 1. mars 2015.