Hopp til innhald

British Film Institute

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
British Film Institute
TypeFilm- og fjernsynsorganisasjon
Skipa1933; 91 år sidan (1933)
HovudkontorLondon Borough of Lambeth
Omsetjing95 724 000 britisk pund (2017) Sjå dette på Wikidata
Donasjonar30 930 000 britisk pund (2017) Sjå dette på Wikidata
Tilsette487 (2017) Sjå dette på Wikidata
Nettstadhttp://www.bfi.org.uk/ Sjå dette på Wikidata

British Film Institute (BFI) er ein ideell organisasjon som bidreg til å fremja film og filmproduksjon i Storbritannia. Han tek vare på det nasjonale filmarkivet og driv fleire kinoar, mellom anna ein IMAX-kino i London. Organisasjonen arrangerer også fleire festivalar: London Film Festival, BFI Flare: London LGBT Film Festival og Future Film Festival.[1]

BFI forvaltar verdas største filmarkiv med meir enn 50 000 spelefilmar og over 100 000 andre titlar, i tillegg til om lag 625 000 fjernsynprogram. Det meste av innhaldet i arkivet er britisk, men det omfattar også ein del internasjonalt viktige filmar.

  1. «BFI». British Film Institute. Henta 13. april 2016. 

Bakgrunnnsstoff

[endre | endre wikiteksten]