Hopp til innhald

Brukardiskusjon:TCoN

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Velkommen til Nynorsk Wikipedia

Det frie oppslagsverket der alle kan delta

Hei og velkommen til Nynorsk Wikipedia, TCoN! Her kjem nokre lenker, der du kan...

læra korleis du endrar ei side
læra korleis du opprettar ein artikkel
lesa om grunnprinsippa på Wikipedia
få svar på ofte stilte spørsmål

For annan informasjon om Wikipedia og arbeidsoppgåver kan du vitja arbeidskontoret, og på samfunnshuset kan du ta opp spørsmål og diskutera saker som har med Wikipedia å gjera. Dersom du lurer på noko er det berre å spørja!

Eg syns du gjer godt arbeid! Hogne 30. desember 2010 kl. 15:51 (CET)[svar]

Er det greitt om eg gjer artikkelen om 2010 og andre årstal, lik som han på bokmålwikipedia? MVH Megnorge 30. desember 2010 kl. 18:13 (CET)[svar]
Det er det sikkert, men hugs å bruka fortid- og ikkje notidsformer. --Ranveig 30. desember 2010 kl. 19:17 (CET)[svar]
Det skal eg sjølvsagt passe på. Håpar de blir nøgt med resultatet. Viss sidan ser halvferdig ut etterpå så skal eg fullføre han. MVH Megnorge 30. desember 2010 kl. 19:19 (CET)[svar]
Eg vil også ynskja velkomen! Du har allereie skrive fleire artiklar som eg med tid og stunder hadde tenkt å skriva, men ikkje fått tid til. Vil tipsa deg om å bruka malane "fødd" og "levde" på henhaldsvis levande og døde personar. Inni to slike {{}} skriv du t.d. fødd|10. november|1986 eller {{}} levde|31. november|1952|21. april|2005. Då blir artiklane automatisk lagt i dei rette kategoriane i forhold til fødselsår, og dato, samt dødsår og dato. Du kan også gå inn på tidlegare skrivne personartiklar for å sjå korleis det har blitt gjort der. Håpar du skriv mykje vidare!

Med venleg helsing, HallvardLid 31. desember 2010 kl. 14:41 (CET)[svar]

Hei. Eg skal bruke malane "fødd" og "levde". Eg har sett at det har vore sånn på fleire artikkler men eg var litt usikker på om eg skulle gjere det slik. Men tusen takk for at du sa i frå. MVH Megnorge 31. desember 2010 kl. 14:44 (CET)[svar]

Kongestoff

[endre wikiteksten]

Dei nordiske kongelege har eit utall av namn og titlar. Artikkelen bør ha med alle namna, og gjerne også alle titlane - då helst med referanse til når dei har fått dei ulike titlane. Men artikkelen kan ikkje nemne alt i den første setninga. Den første setninga bør vere så kort og presis som mogleg. Så kan ein kanskje nemne namna i andre avsnittet, og titlane i tredje eller fjerde avsnittet. Dersom du kikker på andre leksika (td Norsk biografisk leksikon , ser du at også dei droppar titlane.
Om det heiter Joachim av eller til Danmark, veit du sikkert betre enn meg, men ingen andre norske nettstader enn nynorsk wikipedia skriv til Danmark, ser eg i eit googlesøk. --Knut 15. januar 2011 kl. 12:06 (CET)[svar]

Kva om vi lagar ein underroverskrift og under han så lagar vi ei liste over alle tittlene dei har hatt og har. Og i danmark har nokre tittelen til danmark og nokre tittelen av danmark (eg trur du finn ein link til det på sidene om dei dansken kongelege). MVH Megnorge 15. januar 2011 kl. 13:36 (CET)[svar]
Godt forslag! Eg trur nok det kan fungere, og vil gjere det lett å finne fram for dei som vil ha oversikt over kongetitlane. Om ein samtidig tar med tiltaleformene, vert det anda betre, og lenkjer ein til kjeldene for opplysningane, vert det rett og slett bra. --Knut 15. januar 2011 kl. 14:21 (CET)[svar]
Eg kan ta på meg jobben med å rette dette. Så får vi sjå kva resultatet blir. MVH Megnorge 15. januar 2011 kl. 14:23 (CET)[svar]

Dersom du skal rette mange artiklar, bør du vere sikker på at det du gjer er rett. Den beste måten å forsikre seg på, er å finne kjelder for det ein gjer. Dernest bør du referere kjeldene i artikkelen, gjerne mellom <ref></ref>-merke. Dernest må ein nyansere mellom adelstitlar (greve av osv) og omtale-/tiltaleformer (Den Høgvørde Kronprinsen o.a.). Dei tiltaleformene du har skrive inn, stemmer ikkje med dei nynorske tiltaleformene som språkrådet tilrår [1]. --Knut 15. januar 2011 kl. 18:29 (CET)[svar]

Unnskyld men då eg brykte de nynorske tiltaleformene så fekk eg vita at det var feil, såg difor brukte eg Hans/Hennar Kongelege Høyhet som eg fann i fleire artikkler har på nynorsk wp. MVH Megnorge 15. januar 2011 kl. 19:04 (CET)[svar]
Kor fekk du vite at du gjorde feil? --Knut 15. januar 2011 kl. 19:30 (CET)[svar]
Det er eit god stund sidan, men eg redigerte her utan brukar og då var det nokre som sa at det var feil. Men eg har lært det slik som du meiner at det skal skrivast. Men då skal eg setje i gang å forandre på tittlene, slik at dei blir rett. MVH Megnorge 15. januar 2011 kl. 19:36 (CET)[svar]

Meiner du at vi skal ha ei line på wikipedia om kvar gong dei kongelege har vore med i eit fjernsynsprogram? -- Knut 17. januar 2011 kl. 17:38 (CET)[svar]

Ja. MVH Megnorge 17. januar 2011 kl. 17:39 (CET)[svar]
Eg meiner alle TV-program dei er med på. Eg har sett etter filmfront.no så eg meiner sjølvsagt ikkje kvar gong dei viser hovudet sitt på skjermen (bryllaupet til victoria og daniel hadde eg ikkje tenkt å nemne!). MVH Megnorge 17. januar 2011 kl. 17:45 (CET)[svar]
Folk som har fått wikipediaartikkel fordi dei er TV-kjendisar, må du for min del gjerne presentere på denne måten. Men å lage ei line om kvar gong ein politikar eller kongeleg har vore på fjernsyn, høyrer etter mitt syn ikkje med på wikipedia. -- Knut 17. januar 2011 kl. 17:49 (CET)[svar]
Så det er greitt med andre kjendisar som Tone Damli Aaberge, Alexander Rybak....? MVH Megnorge 17. januar 2011 kl. 17:51 (CET)[svar]
Wikipedia er ikkje mitt eller ditt, så kva som er greitt og kva som ikkje er greitt er det ikkje berre opp til oss to å bli samde om. Dei som har greie på TV-kjendisar har kanskje ei meining om dette. Eg har ikkje anna svar enn det du alt har fått. --Knut 17. januar 2011 kl. 17:56 (CET)[svar]
Takk for svar. Eg gjer det som du meiner er best. så slepp vi krangling og tull seinare. MVH Megnorge 17. januar 2011 kl. 18:00 (CET)[svar]
Det var kanskje litt drastisk av meg å bruke attende-rullingsknappen, slik fjerna eg meir enn det eg meinte å fjerne. Dersom du går inn i historikken til artiklane, kan du sjølv hente fram det eg har fjerna for mykje. -- Knut 17. januar 2011 kl. 18:05 (CET)[svar]
Problemet med å nemne kvar gong Tone Damli Aaberge, ein sambygding av meg, er med i eit TV-program: Det blir heilt umogleg å halde ved like (ho er knappast 20 år, så det kan bli ei bra liste etter kvart - og skal ein først ta med eitt program, må ein nesten ta med alle), og er vel omtrent like lite interessant som å liste alle fotballkampane som Eirik Bakke har spelt.--Bep 17. januar 2011 kl. 20:20 (CET)[svar]
kan vi ikkje berre ha det eit er stund til då, såg om lista blir veldig lang (noko eg ikkje hadde tenkt på) så kan vi anten fjerne han eller berre la det vere slik. Eg synest det er inntressant med ein slik liste. Men det er meininga mi då. MVH Megnorge 17. januar 2011 kl. 20:24 (CET)[svar]

Detaljionformasjon

[endre wikiteksten]

Det er plass til amnge detaljar i ein Wikipediaartikkel, men vi kan ikkja ta alt i føste linja. Derfor strauk eg orda i Noreg bakom Sogndal kommune i parentesen med opplysning om når og kor Liv Signe Navarsete‎ er fødd. Tilsvarande endringar gjorde eg nokra andre stader. --Knut 24. januar 2011 kl. 20:34 (CET)[svar]

Det er greitt. Eg tenkte ikkje over at ein ikkje skal gjer det eg gjore og eg vil berre beklage. Eg kom på det då eg så at du fjerna det igjen. Så difor fortsette eg ikkje. MVH Megnorge 24. januar 2011 kl. 20:38 (CET)[svar]

Omsette artiklar

[endre wikiteksten]

Hugs å oppgi kvar omsette artiklar kjem frå!--Andreasv 25. januar 2011 kl. 09:16 (CET)[svar]

Det skal eg gjere. MVH Megnorge 25. januar 2011 kl. 14:42 (CET)[svar]
Når du oppgir å ha omsett artikkel er det den dagen du har gjort det som skal reknast med.--Andreasv 1. februar 2011 kl. 08:13 (CET)[svar]
Okei. Takk for at du sa i frå. MVH Megnorge 1. februar 2011 kl. 12:37 (CET)[svar]
Minner om at det skal merkast kvar omsette artiklar kjem frå!--Andreasv 27. februar 2011 kl. 10:24 (CET)[svar]
Takk for at du sa i frå, eg hadde desverre gløymt det. MVH Megnorge 27. februar 2011 kl. 10:40 (CET)[svar]

Flagg i tilknyting til medaljeoversyn i OL kan ha noko føre seg, men for norske artistar si deltaking i TV-program, der alle programma er norske blir det ei flaggborg som ikkje gir nokon informasjon. Då er det betre å dele det inn i seksjonar med overskrifter som "Deltaking i norske TV-program" osb. --Bep 25. januar 2011 kl. 17:43 (CET)[svar]

Okei. Eg skal slutte med det, men det så kan eg heller opprette artiklar med for dei ulike TV-programma, så kan ein sjå kva for eit land det er frå då. MVH Megnorge 25. januar 2011 kl. 17:45 (CET)[svar]

Fjerning av malar

[endre wikiteksten]

Ref. den mindre endringa di på BA, der fjerna du ein viktig mal. Eg rulla attende. --Bep 25. januar 2011 kl. 22:19 (CET)[svar]

Okei. Det var ikkje meninga å øydelegge noko. MVH Megnorge 26. januar 2011 kl. 14:43 (CET)[svar]

Hei, kvar har du bileta frå? Hugs at dei må ha ein fri lisens for at ein kan nytta dei på Wikipedia (dei fleste bileta kan ein ikkje nytta på Wikipedia av denne grunnen). Njardarlogar 30. januar 2011 kl. 15:32 (CET)[svar]

Du kan ikkje berre ta bilete som tilhøyrer andre og lasta dei opp hit! Anten må du ha opphavsretten til dei sjølv, eller dei må ha ein fri lisens. --Ranveig 30. januar 2011 kl. 16:01 (CET)[svar]
Okei. MVH Megnorge 30. januar 2011 kl. 16:15 (CET)[svar]

Kan du laste opp bileta på http://commons.wikimedia.org/wiki/Commons:Upload i staden for her på nn: ? --Roar 9. februar 2011 kl. 16:56 (CET)[svar]

Ja det kan eg gjere. MVH Megnorge 9. februar 2011 kl. 17:01 (CET)[svar]

Kompliment

[endre wikiteksten]

Du gjer ein kjempejobb med Eurovision-artiklane!

HallvardLid 3. februar 2011 kl. 00:20 (CET)[svar]

Tusen takk. Og du (og andre) må berre si i frå om eg skal gjere noko annleis. MVH Megnorge 3. februar 2011 kl. 22:12 (CET)[svar]

Kategoriar

[endre wikiteksten]

Hei! Når du oppretter ein kategori er det viktig at du legg han inn i minst éin annan kategori (t.d. Kategori:Deltakarar i Riddu Násttit i Kategori:Riddu Násttit), ellers blir han berre hengjande i lause lufta. Det er ikkje nødvendig å skriva kva kategorien inneheld, sjølv om du godt kan gjera det. --Ranveig 12. februar 2011 kl. 17:32 (CET)[svar]

Okei. MVH Megnorge 12. februar 2011 kl. 18:28 (CET)[svar]

Songtekstar

[endre wikiteksten]

Alle nyare songtekstar er verna av opphavsrett og kan ikkje leggjast inn på Wikipedia (eller nokon annan stad utan løyve). Du kan leggja inn eit kort sitat frå ein tekst, men ikkje meir. --Ranveig 17. februar 2011 kl. 14:43 (CET)[svar]

Det viste eg ikkje. Unnskyld, men det skal ikkje skje igjen. Takk for at du sa i frå! MVH Megnorge 17. februar 2011 kl. 14:46 (CET)[svar]

Artiikeltitlar - songar

[endre wikiteksten]

Kvifor flytta du «Oro jaska beana» og «No Milk Today» til lengre namn? Vi bør vel ikkje gjere det vanskelegare enn nødvendig? --Knut 22. februar 2011 kl. 07:38 (CET)[svar]

Det er fleire artistar som har spila inn ein song som heitar «No Milk Today». Og eg trudde at vi skulle ha artistane sine namn bak songtittelen, fordi det har blitt gjort på andre songar. MVH Megnorge 22. februar 2011 kl. 07:43 (CET)[svar]
Eg sjekka ein del musikkartiklar, og hovudsakleg har vi brukt songtittelen som artikkelnamn. Eg veit ikkje om vi har noko reglement for dette? Elles ser eg at engelsk wikipedia, som er mykje større enn oss, greier seg med tittelen «No Milk Today». Dersom eg har forstått tidlegare namnedebattar rett, vert artikkelen rangert lågare ved Google-søk når artikkelnamn avvik frå søkeordet. Og det er vel få som søkjer på langnamnet? Dersom det er aktuelt å skrive andre artiklar med namnet No milk today, trur eg det er meir effektivt å opprette sida No milk today (fleirtyding), med peikar til dei andre mjølkemangelartiklane. --Knut 22. februar 2011 kl. 08:37 (CET)[svar]
Retningslinjene seier: Me prøver å velja enklast moglege artikkelnamn, slik at det skal vera lett å finna fram til artiklane og lett å laga lenkjer mellom dei. (WP:Retningsliner#Retningsliner_for_namngjeving_og_utforming_av_artiklar) . Sjå òg WP:Fleirtyding. --Roar 23. februar 2011 kl. 07:18 (CET)[svar]
Okei. Eg endra nokon av dei slik at dei fekk kortare namn. MVH Megnorge 23. februar 2011 kl. 07:21 (CET)[svar]

Fint arbeid

[endre wikiteksten]

Hei! Fint arbeid du gjer med referanser, t.d. til nobelprisvinnarane. Trondtr 3. mars 2011 kl. 14:34 (CET).[svar]

Tusen takk! MVH Megnorge 3. mars 2011 kl. 14:36 (CET)[svar]


Hello Megnorge. We’re looking for someone who could translate and upload on nn.wikipedia this page. Can you help us please? Thanks a lot !--Aeron10 7. mars 2011 kl. 20:40 (CET)[svar]

Yes! MVH Megnorge 7. mars 2011 kl. 21:00 (CET)[svar]
Thank you so much ! You've been VERY kind and we are really grateful :-) --Aeron10 8. mars 2011 kl. 06:39 (CET)[svar]

Hei! Dette er meint som konstruktiv kritikk: Ordet selskap er eit inkjekjønnsord. På nynorsk får alle inkjekjønnsord inga endring i fleirtal. Det heiter m.a.o: eit glas - fleire glas. Eit vindauge - fleire vindauge. Eit bord - fleire bord. og: Eit selskap - fleire selskap. Eg kjem difor til å endra kategoriane om drosjeselskapa til Svenske drosjeselskap og drosjeselskap. HallvardLid 8. mars 2011 kl. 15:49 (CET)[svar]

Takk for at du sa i frå. Eg tenkte ikkje over det. MVH Megnorge 8. mars 2011 kl. 15:54 (CET)[svar]

Hei, la til fødenamn i levde-malen. --Frokor 8. mars 2011 kl. 19:40 (CET)[svar]

Takk. MVH Megnorge 8. mars 2011 kl. 20:42 (CET)[svar]

Kategorisering

[endre wikiteksten]

Kategoritrea våre for forskjellige ting i land er som regel bygd opp slik at ein har t.d. Kategori:Bruer etter land. Ein kan utan problem ha Kategori:Bruer etter kontinent parallelt. --Frokor 22. mars 2011 kl. 07:42 (CET)[svar]

Okei. Eg trudde vi ikkje skulle ha begge to. MVH Megnorge 22. mars 2011 kl. 07:43 (CET)[svar]

Kongehuset

[endre wikiteksten]

Hei. Rett grammatikk er det norske kongehuset. Flytt heller ikkje artiklar over kvarandre (kongehus -> Lorentzen), det skapar berre rot. :-) Njardarlogar 2. mai 2011 kl. 17:25 (CEST)[svar]

Eg merka at det eg hadde gjort ikkje var så lurt. Det skal nok ikkje skje igjen :-) -- TCoN 2. mai 2011 kl. 18:19 (CEST)[svar]
Nei, det blei ordentleg rotete. Nå har eg rydda opp, du kan få lov til å leggje inn dei nye bilda i kongehusartikkelen på nytt. Da bør ting vera i orden. --KRISTAGAα-ω 2. mai 2011 kl. 19:37 (CEST)[svar]
Takk for at du rydda opp! Skal leggje inn bilda på nytt. -- TCoN 2. mai 2011 kl. 20:02 (CEST)[svar]

Ein treng som regel ikkje nowrap med mindre lenkjene i ein boks har mellomrom, bindestrek eller linkande. Det gjev meining å legge nowrap i Mal:Vest-Afrika, men det trengst ikkje i Mal:Nord-Afrika sidan landa her ikkje har namn delt med mellomrom eller bindestrek. Fleinn 2. juni 2011 kl. 13:40 (CEST)[svar]

Okei. Eg skal hugse det. -- TCoN 2. juni 2011 kl. 13:43 (CEST)[svar]


Ikkje flytt artiklar bare fordi du trur dei har feil namn. Viss du trur du har rett, foreslå flytting på diskusjonssida. Nå måtte eg bruke tid på å rulle attende, tid som eg heller kunne bruka på artikkelskriving. --KRISTAGAα-ω 26. juli 2011 kl. 11:37 (CEST)[svar]

OK -- TCoN 26. juli 2011 kl. 11:49 (CEST)[svar]
Bare så det er sagt, det aller meste du gjør er bra. Dei gongene det blir feil tar du kommentarar til etterretning og blir betre. Akkurat sånn skal ein god wikipediaskribent vera. Flott! --KRISTAGAα-ω 9. august 2011 kl. 02:22 (CEST)[svar]
Takk :) -- TCoN 9. august 2011 kl. 09:18 (CEST)[svar]

Det er enkelt å legge til fleire kategoriar i ein operasjon. Då sparer du deg lagringar, og Siste endringar vert meir oversiktleg. --Andreasv 8. august 2011 kl. 16:32 (CEST)[svar]

Det kan eg gjere. Ser at Siste endringar kan vere litt uoversiktleg til tidar. -- TCoN 8. august 2011 kl. 16:49 (CEST)[svar]