Hopp til innhald

Carmine Rojas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Carmine Rojas

Fødd14. februar 1953 (71 år)
FødestadBrooklyn i New York City i USA
OpphavUSA
Aktiv1983–
InstrumentBassgitar, klaverinstrument
Tilknytte artistarDavid Bowie, Rod Stewart, Joe Bonamassa, John Waite, Tina Turner, Stevie Wonder ,Labelle
Verka somBassist, produsent

Carmine Rojas (fødd 14. februar 1953) er ein amerikansk bassist som er mest kjend som bassist og musikalsk leiar i bandet til Rod Stewart.

I tillegg til Stewart har Rojas spelt inn musikk og turnert med mange andre artistar, som David Bowie, Keith Richards, Tina Turner, Stevie Wonder, Ronnie Wood, Stevie Ray Vaughan, B.B. King, Eric Clapton, Mick Jagger, Peter Frampton, Al Green, Carly Simon, John Waite, Steve Winwood, Billy Joel, Herbie Hancock, Julian Lennon, Carole King, Bobby Womack, Sam Moore, Olivia Newton John, Carlos Santana, Labelle, Nona Hendryx, Michael Bolton, Allen Toussaint, Phil Ramone, Kevin Shirley, Charlie Sexton, Billy Squier, Jewel, Sass Jordan, Dave Mason, Mike Patton, Glenn Hughes, Nektar, Laura Pausini, Tetsuya Komuro og andre.[1]

I løpet av tida han spelte med David Bowie, spelte han på nokre av dei største hittane hans som på Let's Dance. Han vart introdusert for Bowie av trommeslagar Tony Thompson. Rojas og Thompson kjende kvarandre frå tida dei spelte i Labelle.[2]