Chengde
Utsjånad
Chengde (kinesisk: 承德; pinyin: Chéngdé) er eit byprefektur i provinsen Hebei i Kina. Prefekturet har eit areal på 39 519 km² og eit folketal på om lag 3,7 millionar i 2009. Chengde grensar mot Liaoning i nordaust og Indre Mongolia i nordvest.
Byprefekturet Chengde omfattar to distrikt (区 qū), eitt gruvedistrikt (矿区 kuàngqū), fem byfylke (市 shì), tre fylke (县 xiàn).
Historie
[endre | endre wikiteksten]Chengde ligg 180 km nordaust for den kinesiske hovudstaden Beijing. Staden er mest kjend som sommarresidens for keisarane under Qing-dynastiet. Keisarpalassa vart reist frå 1700-talet og framover.
Samferdsle
[endre | endre wikiteksten]Kinas riksveg 101 går gjennom området. Han tek til i Beijing og fører via Chengde til Shenyang i Liaoning-provinsen. Chengde har direkte jarnbanesamband til den kinesiske hovudstaden.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Chengde» frå Wikipedia på bokmål, den 28. april 2012.
- Denne artikkelen bygger på «Chengde» frå Wikipedia på engelsk, den 28. april 2012.