Chiloéøya
Chiloé-øya | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Chiloé-arkipelet |
Koordinatar | 42°40′36″S 73°59′36″W / 42.67667°S 73.99333°W
|
Areal | 8394 km²
|
Administrasjon | |
Land | Chile |
Region Provins |
Los Lagos-regionen Chiloé-provinsen |
Største busetnad | Castro (41667 innb.)
|
Demografi | |
Folketal | 154775 (2002) |
Folketettleik | 18,44 /km² |
Chiloé-øya (spansk Isla de Chiloé, òg kjend som Isla Grande de Chiloé) er den største øya i Chiloé-arkipelet på stillehavskysten av Chile. Øya ligg i det sørlege Chile, i regionen Los Lagos.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Med eit areal på 8394 kvadratkilometer, er Chiloé-øya den nest største øya i Chile, etter Storøya i Eldlandet, og den femte største i Sør-Amerika. Ho er skilt frå det chilenske fastlandet ved Chacaosundet i nord, og av Ancudbukta og Corcovadobukta i aust. Stillehavet ligg mot vest, og Chonos-skjergarden ligg sør, over Boca del Guafo. Øya er 190 km frå nord til sør, og gjennomsnitt 55-65 km brei. Hovudstaden er Castro på austsida av øya; den nest største byen er Ancud, på øya sitt nordvestlege hjørne, og det er fleire mindre hamnebyar på austsida av øya, slik som Quellón, Dalcahue og Chonchi.
Chiloé-øya og Chonos-arkipelet er ei sørleg forlenging av det chilenske kystområdet, som går nord og sør, parallelt til stillehavskysten og Andesfjella. Valle Central ligg mellom Dei chilenske kystfjella og Andesfjella, kor Ancudbukta og Corcovadobukta dannar den sørlege forlenginga. Fjella strekker seg nordover og sørover langs midten av øya. Austkysten er djupt innskoren, med fleire naturlege hamner og ei rekkje mindre øyar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Chiloé Island» frå Wikipedia på engelsk, den 25. september 2016.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Bilete frå Chiloé-øya flickr.com