Hopp til innhald

Christiania Bank og Kreditkasse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den sørlege delen av Stortorget i Oslo i 1870 med Stortorget 6 og Christiania bank og kreditkasse til venstre. Biletet tilhøyrer Oslo Museum.

Christiania Bank og Kreditkasse (Kreditkassen, opphavleg Christiania Kreditkasse) var eit norsk bank- og finansselskap som blei slått saman med finske Merita, svenske Nordbanken og danske Unibank i 2000 og utgjer no Nordea.

Banken blei skipa i 1848 av mellom andre Fritz Heinrich Frølich i heimen hans og var den eldste forretningsbanken i Noreg. Han hadde i fleire år hovudkontor på Stortorget i Oslo.