Contigo hasta el final
«Contigo hasta el final» | |||||
---|---|---|---|---|---|
Eurovision Song Contest 2013 | |||||
Land | Spania | ||||
Artist(ar) | David Feito, Raquel del Rosario og Juan Luis Suárez | ||||
Alias | ESDM | ||||
Språk | Spansk og engelsk | ||||
Komponist(ar) | David Feito, Raquel del Rosario og Juan Luis Suárez | ||||
Låtskrivar(ar) | [David Feito, Raquel del Rosario og Juan Luis Suárez | ||||
Resultat | |||||
Semifinalepoeng | X | ||||
Semifinaleplass | X | ||||
Finalepoeng | 8 | ||||
Finaleplass | 25 | ||||
Spania i Eurovision Song Contest | |||||
|
«Contigo hasta el final» (engelsk for Med deg til slutten) var det spanske bidraget i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, framført på spansk og engelsk av ESDM. Songen er skriven av David Feito, Raquel del Rosario og Juan Luis Suárez, og vart gjeven ut 5. mars 2013. 7. mars 2013 vart songen gjeven ut på albumet Todos tenemos un sueño.
Eurovision
[endre | endre wikiteksten]ESDM vart valdinternt av Corporación de Radio y Televisión Española til å representere Spania i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige. «Contigo hasta el final» deltok i den spanske uttakinga El Sueño de Morfeo: Destino Eurovisión, der ESDM framførte alle bidraga. Songen vann finalen og fekk representere Spania.
Eurovision Song Contest 2013
[endre | endre wikiteksten]Spania som er ein del av dei fem store var direktekvalifisert til finalen i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, der landet enda på 25. plass med 8 poeng; seks frå Albania og to frå Italia. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget enda på 26.- og sisteplass med ei rangering på 22,92 og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget enda på 26.- og sisteplass med ei rangering på 19,64. Desse resultata gjeld berre om berre juryane og berre fjernsynssjåarane i alle deltakarlanda hadde røysta, men resultata er likevel upresist av di det ikkje er offentleggjort kor mange røyster kvart land fekk frå juryen og sjåarane.[1]
Listeplasseringar
[endre | endre wikiteksten]Liste (2013) | Plassering |
---|---|
Spain Singles (PROMUSICAE)[2] | 32 |
Spain Airplay (PROMUSICAE)[3] | 32 |
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Eurovision Team (28. mai 2013). «Split results of Eurovision 2013 revealed» (på engelsk). Henta 14. september 2013.
- ↑ «Spanishcharts.com – ESDM - EL SUEÑO DE MORFEO - CONTIGO HASTA EL FINAL - WITH YOU UNTIL THE END (SONG)». Top 50 Canciones. Hung Medien.
- ↑ «Spanish Airplay Chart» (PDF).[daud lenkje]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Contigo hasta el final» frå Wikipedia på engelsk, den 14. september 2013.
- Eurovision Song Contest 2013-songar
- Spanske Eurovision Song Contest-songar
- Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar
- Spanskspråklege Eurovision Song Contest-songar
- Fleirspråklege Eurovision Song Contest-songar
- Songar skrivne av David Feito
- Songar skrivne av Raquel del Rosario
- Songar skrivne av Juan Luis Suárez