County Roscommon
Utsjånad
County Roscommon | |||
Contae Ros Comáin | |||
|
|||
Land | Irland | ||
---|---|---|---|
Del av | Irland | ||
Hovudstad | Roscommon | ||
Areal | 2 547 km² | ||
Folketal | 58 700 (2006) | ||
Folketettleik | 23 / km² | ||
Provins | Connacht | ||
Bilnummer | RN | ||
County Roscommon 53°45′N 8°15′W / 53.75°N 8.25°W | |||
Kart som viser County Roscommon.
| |||
Wikimedia Commons: County Roscommon | |||
Nettstad: www.roscommoncoco.ie |
County Roscommon (irsk Contae Ros Comáin) er eit grevskap i Republikken Irland sentralt på Irland i provinsen Connacht. Det er det einaste grevskapet i Connacht som ikkje har kystlinje.
Roscommon er òg namnet på administrasjonsbyen. Athlone, ved Shannonelva, ligg delvis i Roscommon og delvis i County Westmeath (i naboprovinsen Leinster), og vert rekna som den mest sentraltliggande byen på Irland. Tulsk er den næraste landsbyen til den mytologiske staden Rath Cruachán, heimstad til dronning Medb (Maebh, Maeve) og Morrigan, som var utgangspunktet for den episke soga i irsk litteratur, Táin Bó Cúailgne.
County Roscommon grensar til Sligo og Leitrim i nord, Mayo og Galway i vest, Offaly i sør og Westmeath og Longford i aust.
Byar og landsbyar
[endre | endre wikiteksten]- Arigna, Athleague
- Ballaghaderreen, Ballinlough, Ballintober, Ballyfarnan, Ballyforan, Boyle
- Castlerea, Castleplunket, Cloonfad
- Elphin
- Frenchpark
- Keadue, Knockvicar, Knockcroghery
- Lecarrow
- Newtown
- Old Town
- Roosky, Roscommon
- Strokestown
- Tarmonbarry, Tulsk
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «County Roscommon» frå Wikipedia på engelsk, den 25. oktober 2007.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Turistinformasjon
- Kart over Roscommon Arkivert 2006-02-14 ved Wayback Machine.