Hopp til innhald

Crotalar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Crotalar (øvst til høgre) blir ofte brukte saman med andre liknande instrument

Crotalar, nokre gonger òg kalla antikke cymbalar, er perkusjonsinstrument som består av små, stemte bronse- eller brassrøyr, kvar på omtrent 10 cm i diameter med ei jamn overflate på toppen og eit munnstykke på støttepunktet. Dei blir vanlegvis spelte på ved å slå på dei med ein flat hammar, men kan også bli spelt ved å slå to røyr saman som fingercymbalar. Lyden er som ei lita, stemt klokke, berre med ein lysare tone og langt lengre gjenklang.

Moderne crotalar er arrangert kromatisk og med ei rekkjevidd på opp til to oktavar. Dei er vanlegvis tilgjengelege i sett, vanlegvis ein oktav, men kan òg bli kjøpt kvar for seg.