Dami Im
Dami Im | |||
| |||
Fødd | 17. oktober 1988 (36 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Seoul | ||
Opphav | Australia | ||
Aktiv | 2010– | ||
Sjanger | pop | ||
Instrument | vokal | ||
Stemmetype | sopran | ||
Plateselskap | Sony Music Entertainment Australia | ||
Verka som | songar |
Dami Im (koreansk 임다미, norsk transkripsjon: Im Dami, (fødd 17. oktober 1988) er ein australsk songar og låtskrivar, opphavleg frå Sør-Korea. Familien flytta til Australia då Dami Im var ni år gammal. Im spelar fleire instrument og vart kjend i Australia etter å ha vunne den femte sesongen av The X Factor Australia. Ho representerte òg Australia i Eurovision Song Contest 2016 med songen «Sound of Silence». Im har platekontrakt med Sony Music Australia.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Im vart fødd i Seoul i 1988. Faren, Lee Hae-yun, er utdanna operasongar.[1] Im byrja å lære piano som femåring, og ho lærte seg å syngje ved å kopiere sine favorittartistar. Ni år gammal flytta Im til Australia med mora og den og yngre broren Kenny, fordi foreldra meinte borna ville få større moglegheiter om dei vaks opp i Australia.[2][3] Familien budde hos ein onkel i Brisbane, medan faren vart igjen i Sør-Korea for å tena pengar til å støtta dei.[4] Foreldra til Im bur no saman att og bur delvis i Australia og Sør-Korea.
Som elleveåring starta Im ved Young Conservatorium of Music på Griffith University. Ho har sidan delteke i ei rekkje pianotevlingar og song lite offentleg.[5][6] I 2009 vart ho uteksaminert frå University of Queensland.[7]
Karriere
[endre | endre wikiteksten]2010–12: Tidleg karriere
[endre | endre wikiteksten]Im hadde ein kort karriere som gospelsongar i Korea, og opptredde blant anna på fleire kristne ungdomsleirar. I 2010 gav ho ut debutalbumet Dream. 9. juli 2012 gav Im ut sin andre EP, Intimacy, som bestod av fem låtar.[8][9]
2013: X Factor Australia
[endre | endre wikiteksten]I 2013 gjekk Im vidare frå prøverundane i femte sesong av X Factor Australia, etter å ha sunge «Hero» av Mariah Carey.[10] Ho tok seg vidare i tevlinga og tok seg til slutt heilt til dei direktesende finalerundane.
Fleire av framsyningane hennar fekk mykje ros av dommarane. Ho tok seg fleire gonger inn på ARIA Singles Charts – den offisielle singellista i Australia, blant anna med «One» av U2 og «Purple Rain» av Prince.[11][12]
Under finalen 27. oktober 2013 song Im tre songar: «Hero», «Alive» og «I Am Telling You I'm Not Going». Nok ein gong fekk ho ståande applaus og lovord frå dommarane. Under resultatshowet dagen etter vart Im utropt til vinnar av X Factor Australia.[13]
2013–15: Utgjevingar
[endre | endre wikiteksten]Etter å ha vunne X Factor gav Im ut singelen «Alive» på iTunes Store.[14] Ho fekk òg platekontrakt med Sony Music Australia.[15] Fire dagar etter utgjevinga debuterte «Alive» på nummer éin på ARIA Singles Chart. Singelen vart òg platina-sertifisert av Australian Recording Industry Association for å ha selt over 70 000 eksemplar.[16] Sidan har Im gjeve ut ei rekkje plater og album.
2016: Eurovision Song Contest
[endre | endre wikiteksten]3. mars 2016 annonserte den australske kringkastaren SBS at Im skulle representere Australia i Eurovision Song Contest 2016 med songen «Sound of Silence».
I Eurovision Song Contest 2016 deltok Im i den andre semifinalen 12. mai, og ho kvalifiserte seg til finalen etter å ha vunne semifinalen.[17] Dette var andre gongen Australia deltok i Eurovision Song Contest, og fyrste gongen landet deltok i ein semifinale.
I finalen var «Sound of Silence» det 13. bidraget ut på scena, og ho vann ein klår siger i juryavrøystingv med 320 poeng. I telefonavrøystinga kom Im på fjerdeplass med 191 poeng. Til saman fekk Australia 511 poeng og enda på andreplass – den beste plasseringa til landet i Eurovision Song Contest.[18] Songen tok seg inn på fleire hitlister rundt om i Europa, blant anna i Storbritannia, Spania, Tyskland og Austerrike. «Sound of Silence» er førebels den mest suksessrike singelen til Im i karrieren hennar.
2019–: Nytt album
[endre | endre wikiteksten]13. september 2019 gav Im ut albumet Crying Underwater på eige merke. I samband med utgjevinga sa Im at det er «for mykje press i dagens samfunn på at ein alltid må sjå lukkeleg ut, så vi endar opp med å føle at vi ikkje har lov til å snakke om korleis vi verkeleg følar oss. Akkurat som om du græt under vatn der ingen kan sjå at du græt».
3. januar 2020 slapp ho låten «Kiss You Anyway».[19] 8. februar 2020 framførte ho låten «Walk with Me» med Måns Zelmerlöw under Eurovision – Australia Decides, den australske uttakinga til Eurovision Song Contest 2020.[20] Etter framsyninga kunngjorde Im at ho ville delta i den australske tevlinga igjen.
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]- Dami Im (2013)
- Heart Beats (2014)
- Classic Carpenters (2016)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Dami Im: Finding my family (Part one)». Arkivert frå originalen 29. mars 2016. Henta 4. mai 2021.
- ↑ https://www.webcitation.org/6KZeIlZEp?url=http://au.tv.yahoo.com/x-factor/article/-/18584428/dami-im/. Arkivert frå originalen 23. oktober 2013. Missing or empty
|title=
(hjelp) - ↑ Sams, Christine (29. august 2013). «'Some people thought I was stupid': X Factor star Dami recalls terrible childhood». The Age (Fairfax Media).
- ↑ Vincent, Peter (29. september 2013). «X-Factor's Dami Im set to be first Asian-Australian pop star». Fairfax Media.
- ↑ Bochenski, Natalie (3. september 2013). «X-Factor's Dami Im Gains Support From Former School». Brisbane Times (Fairfax Digital).
- ↑ Bochenski, Natalie (23. oktober 2013). «Dami Im returns to former school John Paul College». SMH.com (Fairfax Media).
- ↑ Adams, Cameron (21. august 2013). «X Factor reveals final Top 12 to perform at live shows». Daily Telegraph Australia (News Limited).
- ↑ Bochenski, Natalie (9. september 2013). «Holy spirit behind Dami Im's angelic voice». Brisbane Times (Fairfax Digital).
- ↑ «Intimacy (친밀함) / Dami Im(임다미)» (på koreansk).
- ↑ «The X Factor Australia Premiere Recap - Is Jai Waetford The Next Justin Bieber?». Arkivert frå originalen 29. oktober 2013. Henta 4. mai 2021.
- ↑ Hardie, Giles (26. august 2013). «The X Factor recap: Adira–Belle the first finalists sent home». SHM.com.au (Fairfax Media).
- ↑ http://www.noise11.com/news/aria-singles-katy-perry-roar-spends-5th-week-at-no-1-20130928. Missing or empty
|title=
(hjelp) - ↑ Byrnes, Holly (28. oktober 2013). «X Factor Australia Grand Final: Dami Im completes demolition with army». The Herald and Weekly Times. Arkivert frå originalen 28. oktober 2013. Henta 4. mai 2021.
- ↑ https://itunes.apple.com/au/album/alive-single/id731802636. Missing or empty
|title=
(hjelp) - ↑ https://web.archive.org/web/20131031072202/http://au.tv.yahoo.com/x-factor/news/article/-/19585491/dami-im-wins-the-x-factor/. Arkivert frå originalen 31. oktober 2013. Missing or empty
|title=
(hjelp) - ↑ http://www.aria.com.au/pages/httpwww.aria.com.aupagesaria-charts-accreditations-singles-2013.htm. Missing or empty
|title=
(hjelp) - ↑ «Eurovision Song Contest 2016 - Second Semifinal».
- ↑ «Eurovision Song Contest 2016 - Grand Final».
- ↑ «Kiss You Anyway - single». Apple Music. 3. januar 2020. Arkivert frå originalen 2. januar 2020. Henta 3. januar 2020.
- ↑ «Eurovision: Australia Decides 2020: guide». TV Tonight. februar 2020. Henta 7. februar 2020.
- Denne artikkelen bygger på «Dami Im» frå Wikipedia på bokmål, den 4. mai 2021.