Dečanska Bistrica
Dečanska Bistrica (Дечанска Бистрица) Bistrica e Deçanit | |||
elv | |||
Land | Kosovo | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 300 km² | ||
Lengd | 53 km | ||
Kjelde | Bogićevica i Kosovo | ||
Munning | Kvite Drin, nær Klina i Kosovo | ||
Dečanska Bistrica 42°31′00″N 20°33′00″E / 42.516666666667°N 20.55°E | |||
Wikimedia Commons: Dečanska Bistrica |
Dečanska Bistrica (serbisk Дечанска Бистрица; albansk Bistrica e Deçanit) er ei elv i Kosovo. Elva er 53 km lang og ei sideelv til Kvite Drin frå høgre.
Namnet på elva, Bistrica, tyder 'klårt vatn' på serbisk.
Dečanska Bistrica spring ut frå sørsida av fjellet Bogićevica, ein del av fjellkjeda Prokletije. Elva renn nord for fjellet Đaravica, det høgaste i Kosovo (2656 moh). Elva snur søraust nord for fjella Koprivnik og Strečoka, der ho har grave ut ei djup kløft (Dečanska klisura). Etter kløfta renn elva forbi mellomalderklosteret Visoki Dečani, som står på verdsarvlista til UNESCO. Elva held fram austover, i eit særs tett folkesett område nær den vesle byen Dečani og landsbyane Istinić, Beleg, Brdlić, Vranovac og Jablanica, før ho munnar ut i Kvite Drin.
Den øvre delen av elva vert nytta til vasskraftproduksjon (6,5 MW), medan den nedre delen til ein viss grad vert nytta til vatning.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Dečanska Bistrica» frå Wikipedia på engelsk, den 26. februar 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Mala Prosvetina Enciklopedija, Third edition (1985); Prosveta; ISBN 86-07-00001-2
- Jovan Đ. Marković (1990): Enciklopedijski geografski leksikon Jugoslavije; Svjetlost-Sarajevo; ISBN 86-01-02651-6