Dei mesopotamiske sumpane
Dei mesopotamiske sumpane | |||
våtmarksområde | |||
Land | Irak, Iran | ||
---|---|---|---|
Koordinatar | 31°00′N 47°00′E / 31.000°N 47.000°E | ||
Dei mesopotamiske sumpane 31°N 47°E / 31°N 47°E | |||
Kart som viser Dei mesopotamiske sumpane.
| |||
Wikimedia Commons: Mesopotamian Marshes |
Dei mesopotamiske sumpane eller Dei irakiske sumpane er eit våtmarksområde sør i Irak og delvis inn i det sørvestlege Iran og Kuwait.[1] Historisk bestod myrlandet hovudsakleg av dei fråskilde, men tilstøytande Qurna-, Hawizeh- og Hammarmyrene, og brukte å vere det største våtmarksområdet i det vestlege Eurasia. Det er eit sjeldan akvatisk landskap i ein ørken, og er levestad for sumparabarane og viktige fuglebestandar. I 1950-åra byrja ein å drenere delar av myrområda og dette fortsette inn i 1970-åra for å bruke landområdet til jordbruk og oljeutvinning. Seint i 1980- og tidleg i 1990-åra, under styret til Saddam Hussein, vart dette arbeidet utvida for å drive bort sjiamuslimar frå myrområda. Før 2003 var myrområda redusert til 10 % av den originale storleiken.[2]
Etter regimet til Hussein fall i 2003, har myrområda dels blitt fylt opp att, men tørke i samband med byggjinga av demninga lenger opp i elvene i Tyrkia, Syria og Iran har hindra myrområda å kome attende slik dei opphavleg var.[3] Sidan 2016 har Dei mesopotamiske sumpane vore på verdsarvlista til UNESCO.[4]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Mesopotamian Marshes» frå Wikipedia på engelsk, den 22. april 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Hooded Crow: Corvus cornix at iGoTerra
- U.S. National Aeronautics and Space Administration. 2008. NASA Visible Earth from 2004 satellite photography Arkivert 2006-10-13 ved Wayback Machine.
- ↑ «Mesopotamian Delta and Marshes». World Wide Fund for Nature. Arkivert frå originalen 14. august 2013. Henta 22. april 2018. «Geographic Location: Middle East: Iran, Iraq, and Kuwait»
- ↑ CURTIS J. RICHARDSON AND NAJAH A. HUSSAIN (June 2006). «Restoring the Garden of Eden: An Ecological Assessment of the Marshes of Iraq» (PDF). www.biosciencemag.org.
- ↑ Muir, Jim (24. februar 2009). «Iraq marshes face grave new threat». BBC News. Henta 22. april 2018.
- ↑ [1]