Dei pontinske øyane
Dei pontinske øyane | |||
øygruppe | |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Dei pontinske øyane 40°53′05″N 13°09′15″E / 40.884722°N 13.154167°E | |||
Wikimedia Commons: Pontine Islands |
Dei pontinske øyane er ei øygruppe i Tyrrenhavet utanfor vestkysten av Italia, vest for Napoli.[1] Øygruppa er kalla opp etter den største øya i gruppa, Ponza. Dei andre øyane er Ventotene, Palmarola, Zannone, Santo Stefano og Gavi.
Øygruppa er danna av vulkansk aktivitet og har vore busett i tusenvis av år. Av arkeologiske funn er lekamar frå yngre steinalder og reiskapar av obsidian frå bronsealderen. Øya var busett av etruskarar. Den tidlegaste skriftlege kjelda om øya er då romarane sigra over volskarane i 338 f.Kr.. Ei lokal segn fortel at øyane ein gong var det tapte Kongedømet Tyrrhenia som sokk i havet med berre ei smal landstripe til det italienske fastlandet.
Under regjeringstida til Augustus vart folk oppmuntra til å busette seg på øyane og folk kom til Ponza og Ventotene. Romarane nytta desse to øyane som tilfluktsstad og ein stad der politiske motstandarar vart sette i eksil. Om lag to tusen år seinare vart øyane nytta til akkurat det same av fascistregimet.[1]
Dei pontinske øyane vart forlatne i mellomalderen på grunn av stadige plyndringstokt av sarasenarar og sjørøvarar. På 1700-talet koloniserte Kongedømet Napoli øyane på nytt og seinare vart dei ein del av Italia.
I dag gjer små vingardar, ville urter og blomar og avsidesliggande strender og grotter øyane til ein populær turistdestinasjon.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 «Isola di Ponza». Store norske leksikon (på norsk). 2. mars 2024.
- Denne artikkelen bygger på «Pontine Islands» frå Wikipedia på engelsk, den 2. november 2007 tittel=Pontine Islands.