Hopp til innhald

Den USA-amerikanske marinen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Den amerikanske marinen)
Den USA-amerikanske marinen
Land USA
Aktiv1794–dags dato
GreinMarinen
TypeSjøkrig
Storleik433 500 personnel
289 skip
3700+ luftfartøy
11 hangarskip
10 amfibisk åtaksskip
9 amfibisk transport dock
12 docklandingsskip
22 kryssarar
55 jagarar
30 fregattar
71 ubåtar
Del avForsvarsdepartementet
Marinedepartementet
HovudkvarterPentagon
Motto«Non sibi sed patriae» (Ikkje ein sjølv, men landet) (uoffisielt)[1]
FargarBlå, gull         
MarsjAnchors Aweigh
Slag/krigar
Dekorasjonar
Presidential Unit Citation

Navy Unit Commendation

Meritorious Unit Commendation
Kommandørar
Chief of Naval Operations ADM Gary Roughead
Vice Chief of Naval Operations ADM Jonathan W. Greenert
Luftfartøy nytta
Åtak: F/A-18A/B/C/D, F/A-18E/F


Elektronisk
krigføring
: E-2C, EP-3E, E-6, EA-6B, EA-18G
Jagarfly: F/A-18A/B/C/D, F/A-18E/F


Patruljefly: P-3, P-8
Rekogniseringsfly: RQ-2
Treningsfly: F-5, F-16N, T-2C, T-6, T-34, T-39, T-44, T-45, TH-57


Transportfly: C-2, C-12, C-20, C-40, C-130

Den USA-amerikanske marinen, engelsk United States Navy (forkorta USN) er marinen til USA. Marinen består av kring 300 skip og over 4 000 stridsklare luftfartøy. Han har kring 430 000 menn og kvinner i teneste og i beredskapsreserven.

Organisasjon

[endre | endre wikiteksten]

USN er ei av to separate forsvarsgreiner i Marinedepartementet (Department of the Navy), som høyrer under det amerikanske Forsvarsdepartementet (Department of Defense) - den andre er United States Marine Corps.

Administrativt vert USN styrt av ein stabssjef, ein firestjerners admiral som er den høgaste offiseren til tenesta. Stabssjefen er underlagt marineministeren, ein sivil embetsmann som styrer Marinedepartementet og som igjen rapporterer til forsvarsministeren.

Operativt vert USN styrt av to separate flåtar - ein i Atlanterhavet og ein i Stillehavet. Dei operative ressursane blir forvalta av ni felleskommandoar som operativt rapporterer direkte til den amerikanske presidenten. Totalt sett har US Navy rundt 500 000 personell med fire gonger fleire som reserve.

USN har mange basar for å støtte opp om operasjonar over heile verda. Dei fleste basane ligg langs vest- og austkysten av USA, men dei har òg basar på fleire av dei oversjøiske territoria og i andre land, som Italia og Japan.

Fartøy i teneste

[endre | endre wikiteksten]

Skip som er i aktiv teneste i US Navy har namn som byrjar med USS, United States Ship. Skip som ikkje er sett i aktiv teneste eller er bemanna med sivilt personell har namn som byrjar med USNS, United States Naval Ship.

Hangarskip

[endre | endre wikiteksten]
F-18C Tek av frå USS «Harry S. Truman»
USS «Nimitz»
USS «George Washington»
USS «Harry S Truman»

Hangarskipa til USA opererer med jagarfly av typen Boeing F/A-18C/D og den nyare Boeing F/A-18E/F/G Syp Hornet - som er ein vidareutvikla og større versjon. Jagarfly av typen Grumman F-14 Tomcat er no vorte fasa ut av tenesta til marinen. Dette skjedde hausten 2006, då dei siste vart erstatta av ein leveranse med Supar Hornet. Hangarskipet USS «George Washington» var det siste skipet i marinen til USA som opererte med denne flytypen.

Hangarskipa opererer i Carrier Strike Group med eit hangarskip i kvar hangarskipgruppe. USA opererer i dag med 11 hangarskipgrupper.

Enterprise-klassa

Nimitz-klassa

Gerald R. Ford-klassa (framtidig)

US Navy opererer i 2009 ei klasse kryssarar.

US Navy opererer i 2009 ei klasse jagarar.

Undervassbåtar

[endre | endre wikiteksten]

US Navy opererer med følgja type ubåtar.

  • Denne artikkelen bygger på «United States Navy» frå Wikipedia på bokmål, den 10. september 2010.
    • Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
  1. «Navy Traditions and Customs». Naval Historical Center. United States Navy. Arkivert frå originalen 24. desember 2018. Henta 10. september 2010. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]