Det spanske riksvåpenet
Utsjånad
Det spanske riksvåpenet er sett saman av seks andre våpen. Skjoldet har fire delar som inneheld våpna til Castilla, León, Aragon og Navarra. Under desse står eit granateple for Granada, medan dei tre liljene til huset Bourbon ligg i midten.
På kvar side står Herkules-søylene, som er eit gammalt omgrep knytt til Gibraltarsundet, og dei latinske orda plus ultra, som tyder 'og forbi' og viser til dei tidlegare spanske koloniane. Over det heile tronar den spanske kongekrona.
Historisk utvikling
[endre | endre wikiteksten]-
Våpenet til 'dei katolske kongelege', Ferdinand og Isabella (1475-1492), teke i bruk ved ekteskapet mellom Ferdinand II av Aragón og Isabella I av Castilla. Ørna står for evangelisten Johannes.
-
Det første spanske riksvåpenet (1492-1504), eit granateple for Granada.
-
Våpenet til Karl I (1516-1518)
-
Våpenet til Karl I (1518-1520)
-
Våpenet til Karl I (1520-1530)
-
Våpenet til Karl I (1530-1556) med tyske element og Herkulessøylene.
-
Våpenet til Filip II (1556-1558)
-
Våpenet til Filip II (1558-1580)
-
Våpenet til Filip II (1580-1598) Ordenen det gylne skinn er hengt rundt skjoldet.
-
Våpenet til Karl II (1668-1700)
-
Våpenet til Filip V (1700-1746), den første kongen av huset Bourbon.
-
Våpenet til Karl III frå 1761.
-
Våpenet til Joseph Bonaparte 1808-1813. Nedste venstre felt står for dei oversjøiske provinsane. Hjarteskjoldet er den franske keisarørna.
-
Riksvåpenet til den første spanske republikken 1873-1874.
-
Riksvåpen 1875-1931.
-
Riksvåpenet Den andre spanske republikken 1931-1939.
-
Riksvåpen under fascismen 1938-1945. På bandet står mottoet «Una, grande, libre», spansk for 'Éin, stor, fri' 1939-1945.
-
Riksvåpen 1945-1977
-
Riksvåpen 1977-1981