Dis
Utsjånad
- For dei norrøne guddomane, sjå diser.
Dis kan enten vera tåkedis eller tørrdis.
Tåkedis er same fenomen som skodde eller tåke. Men dis er lettare enn skodda, det er færre skydråpar per kubikk luft, og sikt er over 1000m.
Tørrdis er danna av støvpartiklar, i Noreg ofte når varmluft kjem frå kontinentet. Tørrdis vert også kalla ølrøyk eller moe.
Øl her kjem av norrønt (ylr) og tyder varme, så ølrøyk kan omsetjast til varmrøyk. Når den relative råmen er under 70 % og det er disig er det truleg tørrdis.