Hopp til innhald

Drancy

Koordinatar: 48°55′11″N 02°27′05″E / 48.91972°N 2.45139°E / 48.91972; 2.45139
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Drancy
Horisonten til Drancy
Horisonten til Drancy
Byvåpenet til Drancy
Byvåpenet til Drancy
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Île-de-France
Seine-Saint-Denis
Geografi
Flatevidd 7,76 km²
Flatevidd
 - By

7,76 km²
Innbyggjarar
 - By (2017)
   - folketettleik

71 318
  9 190/km²
Koordinatar 48°55′11″N 02°27′05″E / 48.91972°N 2.45139°E / 48.91972; 2.45139
Høgd over havet 46 m
Diverse anna
Postnummer 93700
Heimeside: www.drancy.net
Plassering

Drancy er ein kommune i dei nordaustlege forstadane til Paris i Frankrike. Han ligg 10,8 km frå Paris sentrum, men har eigen bystatus og om lag 71 300 innbyggjarar.

Namnet Drancy kjem frå det mellomalderlatinske ordet Derenciacum, og før det Terentiacum, som tyder «eigedomen til Terentius»[1], ein gallo-romersk landeigar.

Uttalen av Drancy er [dʁɑ̃ˈsi] høyr. Innbyggjarane vert på fransk kalla Drancéens.[2]

På 1600-talet vart Drancy delt inn i to eigne landsbyar, Drancy le Grand og Le Petit Drancy. Bydelen Village Parisien er bygd over den gamle grenda Groslay, som var omgjeve av Bondy-skogen, som ein ser igjen i gatenamnet rue des bois de Groslay. Under den andre verdskrigen låg det ein deportasjonsleir i Drancy, der jødar, sigøynarar og andre før dei vart frakta til tyske konsentrasjonsleirar. I 1976 laga skulptøren Shelomo Selinger eit minnesmerke over dei franske jødane som var fengsla i leiren.

  1. Georges Archer (1964). De Terentiacum à Drancy: Histoire d'une commune de la Seine. s. 17. ISBN 9782307003755.  [("Frå Terentiacum til Drancy: historia i ein parisisk kommune")]
  2. «Gentilé sur le site habitants.fr». .

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Drancy