Dueslag
Dueslag er ei bu, eit lite hus eller ein større bygning eller tårn nytta til å ale opp og hysa ein større eller mindre mengd duer som husdyr, anten til bruk som brevduer til å sende meldingar med, eller som kappflygingsduer i konkurransar (brevduesport), eller for å nytte duer og dueungar som mat for menneske.
Duer som mat og som gjødselprodusentar
[endre | endre wikiteksten]På kontinentet i mellomalderen var kjøt av duer mykje verdsett, og vart servert under kongelege festmåltid. Òg i seinare tider var duekjøt nytta til mat. Det ligg føre overslag frå Frankrike om at det i Paris på slutten av 1800-talet gjekk med nesten to millionar duer årleg til menneskeføde. Men ein vel så viktig faktor ved dueavl var den gjødsla som duene produserte, og som var særs ettertrakta for krevjande planter, som til dømes vindruer og vekstane i kjøkenhagane. Det økonomiske verdet av denne gjødselproduksjon var så stor at det i sine høve vart teke med ein passus om dette i avtaler om giftarmål [1].
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Interiør i ruinane av eit dueslag i Palazuelo de Vedija (Tierra de Campos, Valladolid) i Spania. Duene bygde reira sine i holromma i veggen.
-
Eit dueslag i Mazkeret Batya i Israel.
-
Eit eldre svensk dueslag.