Dvergmoskusdyr
Utsjånad
Dvergmoskusdyr | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Klauvdyr Artiodactyla |
Underorden: | Jortedyr Ruminantia |
Infraorden: | Tragulina |
Familie: | Dvergmoskusdyr Tragulidae H. Milne-Edwards, 1864 |
Dvergmoskusdyr (Tragulidae) eller musehjortar er ein pattedyrfamilie av jortedyr. Han omfattar små, sky dyr som lever i tropiske skoger i Afrika, India og Søraust-Asia. Den største arten i gruppa er vassmoskusdyr (Hyemoschus aquaticus), med ei skulderhøgd på rundt 35 cm. Den minste er malayisk vassmoskusdyr (Tragulus javanicus) som med ei skulderhøgd på 30 cm er det minste hovdyret i verda.
Taksonomi
[endre | endre wikiteksten]Tidlegare delte ein dei nolevande dvergmoskusdyra inn i berre fire artar.[1] I 2004 blei T. nigricans og T. versicolor skilde ut frå T. napu, medan T. kanchil og T. williamsoni blei skilde frå T. javanicus.[2] I 2005 blei M. indica og M. kathygre skilde frå M. meminna.[3] Dermed har ein i dag 10 nolevande artar fordelt på tre slekter:
- Familien Tragulidae
- Slekta Hyemoschus
- vassmoskusdyr, Hyemoschus aquaticus
- Slekta Moschiola
- Moschiola indica
- meminna, Moschiola meminna
- Moschiola kathygre
- Slekta Tragulus
- malayisk vassmoskusdyr, Tragulus javanicus
- kanchil, Tragulus kanchil
- napu, Tragulus napu
- pilandok, Tragulus nigricans
- Tragulus versicolor
- Tragulus williamsoni
- Slekta Hyemoschus
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Nowak, R. M. (red.) (1999). Walker's Mammals of the World. 6th edition. Johns Hopkins University Press.
- ↑ Meijaard, I. og C. P. Groves (2004). A taxonomic revision of the Tragulus mouse-deer. Zoological Journal of the Linnean Society 140: 63–102.
- ↑ Groves, C., and E. Meijaard (2005). Intraspecific variation in Moschiola, the Indian Chevrotain. The Raffles Bulletin of Zoology. Supplement 12: 413–421
- Denne artikkelen bygger på «Dvergmoskusdyr» frå Wikipedia på bokmål, og «Chevrotain» frå Wikipedia på engelsk den 20. mai 2018.