EHF-meisterligaen i handball 2010/Menn
Meisterligaen i handball 2010 for menn var ei turnering arrangert av Europas handballforbund (EHF) som tok til med kvalifiseringsspel, deretter spel i fire grupper à seks lag. Dei 16 beste laga i gruppespelet gjekk så vidare til utslagsspel med heimekamp og bortekamp. Vinnarane av kvartfinalane møttest til finalespel i Köln helga 29. og 30. mai.
Norske Fyllingen tapte alle sine 10 kampar i gruppespelet.
Finalespelet
[endre | endre wikiteksten]- FC Barcelona – Medvedi Tsjekhov 34–27
- THW Kiel – Ciduad Real 29–27
Bronsefinalen
[endre | endre wikiteksten]- Ciduad Real – Medvedi Tsjekhov 36–28
Finalen
[endre | endre wikiteksten]- THW Kiel – FC Barcelona 36–34
Barcelona leia 20–17 ved pause. I andre omgang snudde Kiel til tomålssiger.
THW Kiel stilte med tre målvakter: Thierry Omeyer, Peter Gentzel, Andreas Palicka. Tsjekkiske Filip Jícha var lagets toppskårar (11), elles skåra Christian Zeitz (6), Dominik Klein (5), Daniel Narcisse (4), Henrik Lundström (3), Igor Anic (2), Christian Sprenger (2), Marcus Ahlm (1), Momir Ilić (1) og Børge Lund (1).
Juanín García skåra 13 av Barcelona sine mål.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «EHF Champions League 2009/10» frå Wikipedia på tysk, den 12. oktober 2022.