Hopp til innhald

Eilon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eilon
Elon
landsby
Land  Israel
Region Vest-Galilea
Kommune Mateh Asher
Koordinatar 33°3′48.96″N 35°13′13.8″E / 33.0636000°N 35.220500°E / 33.0636000; 35.220500
Folketal 943  (2012)[1]
Grunnlagd 1938
 •  Grunnlagd av Immigrantar frå Polen
Tilhøyrsle Kibbutz-rørsla
Kart
Eilon
33°03′49″N 35°13′14″E / 33.0636°N 35.2205°E / 33.0636; 35.2205
Kart som viser Eilon.
Kart som viser Eilon.
Kart som viser Eilon.
Wikimedia Commons: Eilon

Eilon (אֵילוֹן) er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg 1,5 km sør for den libanesiske grensa og 10 km aust for kysten av Middelhavet, på ein rygg mellom dei to elvane Nahal Betzet og Nahal Kziv, og høyrer til Mateh Asher regionale kommune. I 2012 hadde han eit folketal på kring 943.[1]

Namnet Eilon kjem frå Elah (terebint) og Alon (eik), to treartar som det veks mykje av i denne delen av Israel.[2]

Eilon kring 1940.

Kibbutzen vart grunnlagd på landområdet til Khirbet Samak, kjøpt i 1938 av Jewish National Fund.[3] Han vart grunnlagd det året av ei gruppe polske immigrantar og palestinske jødar.[2] Innbyggjarane vart stadig angripen etter arabaropprøret i Palestina 1936-1939.[2] Eilon var ein av dei første tårn- og palisade-busetjingane. Det vart roleg i Galilea etter dei libanesiske soldatane Kaukji-bandane vart drivne bort i november 1948.[2]

I 1947 hadde kibbutzen 350 innbyggjarar. Kibbutzen høyrte i starten til Hashomer Hatzair.[2]

  1. 1,0 1,1 «Locality File» (XLS). Israel Central Bureau of Statistics. 2012. Henta 7. mars 2015. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Jewish National Fund (1949). Jewish Villages i Israel. Jerusalem: Hamadpis Liphshitz Press. s. 33. 
  3. More Derech trip report