Ein Gedi kibbutz
Ein Gedi | |||
landsby | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Region | Judea | ||
Distrikt | Det sørlege distriktet | ||
Koordinatar | 31°27′30.96″N 35°23′19.68″E / 31.4586000°N 35.3888000°E | ||
Folketal | 588 (2021) | ||
Grunnlagd | 1953 | ||
• Grunnlagd av | sionistiske ungdomsrørsler, Nahal | ||
Tilhøyrsle | Kibbutzrørsla | ||
Ein Gedi kibbutz 31°27′00″N 35°23′00″E / 31.45°N 35.383333333333°E | |||
Kart som viser Ein Gedi kibbutz.
| |||
Wikimedia Commons: Ein Gedi (kibbutz) |
Ein Gedi (hebraisk skrift עֵין גֶּדִי, tyder 'Geitekjekjelda') er ein kibbutz på vestsida av Daudehavet i Israel. Han ligg langs utkanten av Judeaørkenen ved den historiske staden Ein Gedi, og er kommunesenter i Tamar regionale kommune. I 2011 hadde kibbutzen 213 medlemmar.[1]
Ein Gedi driv hovudsakleg med jordbruk og turisme. Kibbutzen driv òg ein 100 mål stor botanisk hage som husar over 900 planteartar frå heile verda.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Kibbutzen vart grunnlagd i 1953 av avgangselevar frå sionistiske ungdomsrørsler og medlemmar av Nahal.[2] Han ligg på Den grøne linja som skilde Israel frå det Jordan-heldte Vestbreidda, og låg fullstendig isolert i ørkenen. Den nærmaste israelske landsbyen var fleire timar unna langs ein grusveg. Etter seksdagarskrigen i 1967, då Israel erobra Vestbreidda frå Jordan, vart det asfaltert ein veg frå Jerusalem via Jeriko og langs kysten av Daudehavet. Dette enda i røynda isolasjonen til kibbutzen og opna døra for utviklinga ein har i dag. I dag bur det 650 innbyggjarar i Ein Gedi.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ein Gedi (kibbutz)» frå Wikipedia på engelsk, den 13. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad (hebraisk) Arkivert 2008-06-28 ved Wayback Machine.