Ein as-Sultan
ʿEin/ʿAin as-Sulṭān | |||
مخيّم عين سلطان, Ayn al-Sulṭān | |||
kommune | |||
Land | Dei palestinske territoria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Jeriko guvernement | ||
Koordinatar | 31°52′40.24″N 35°26′46.24″E / 31.8778444°N 35.4461778°E | ||
Folketal | 1 732 (2005) | ||
Grunnlagd | 1948 | ||
Ein as-Sultan 31°52′40″N 35°26′46″E / 31.877844444444°N 35.446177777778°E | |||
Kart som viser Ein as-Sultan.
| |||
Wikimedia Commons: Ein el-Sultan Camp |
ʿEin as-Sulṭān eller ʿAin Sulṭān-leiren (arabisk مخيّم عين سلطان) er ein landsby og palestinsk flyktningleir i Jeriko guvernement aust på Vestbreidda i Jordandalen, 1 kilometer nordvest for Jeriko nær kjelda ʿEin as-Sulṭān. ʿEin as-Sulṭān hadde eit folketal på over 1 469 innbyggjarar i 2006.[1] I 1997 utgjorde flyktningar 81% av folkesetnaden.[2]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Den første permanente busetnad nær den gamle Jeriko var ved Ein as-Sultan-kjelda mellom 8000 og 7000 fvt. av eit ukjent folk, og bestod av ei rekkj murar, ein heilagdom, eit sju meter høgt tårn med ei indre trapp. Etter nokre hundreår vart denne fråflytta og ein ny busetnad vart oppretta i 6800 fvt. like i nærleiken.[3]
Krossfararane utbetra vassmøllene ved Ein as Sultan for å knuse sukkerrøyr i tawahin es-sukkar (sukkermøller) og eksportere sukkeret til Jerusalem.[4][5] Det var krossfararane som innførte sukkerrøyr produksjon i byen.[6]
ʿEin as-Sulṭān-leiren vart grunnlagd i 1948, på 870 mål med tørt land nedanfor Freistingsfjellet. Like før seksdagarskrigen hadde leiren kring 20 000 flyktningar. Under krigen flykta mange over Jordanelva til Jordan.[7]
I 1987 prøvde styresmaktene å drive bort så mange flyktningar som dei klarte. USA-amerikanske rapportar skreiv om flyktningar som leid under «særs vanskelege øknomiske tilhøve».[8]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ein as-Sultan» frå Wikipedia på engelsk, den 25. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Projected Mid -Year Population for Jeriko distrikt by Locality 2004- 2006 Arkivert 2012-02-07 ved Wayback Machine. Palestinsk statistisk sentralbyrå
- ↑ Palestinian Population by Locality and Refugee Status Arkivert 2008-11-18 ved Wayback Machine. (1997) Palestinsk statistisk sentralbyrå.
- ↑ Ring, Trudy; Salkin, Robert M.; Berney, K. A.; Schellinger, Paul E. (1994). International dictionary of historic places. Taylor & Francis. ISBN 1-884964-03-6, ISBN 978-1-884964-03-9. s. 367–370.
- ↑ Michael Dumper, Bruce E. Stanley, Janet L. Abu-Lughod (2007) Cities of the Middle East and North Africa: A Historical Encyclopedia ABC.-CLIO, ISBN 1-57607-919-8 p 205
- ↑ Abraham L. Udovitch (1981) The Islamic Middle East, 700-1900: Studies in Economic and Social History Darwin Press, ISBN 0-87850-030-8 p 122
- ↑ Hull, Edward (1855). Mount Seir, Sinai and Western Palestina. Richard Bently and Sons..
- ↑ Laurie A. Brand (1991) Palestinians in the Arab World: Institution Building and the Search for State Columbia University Press, ISBN 0-231-06723-2, p 152
- ↑ Near East/South Asia Report av US Foreign Broadcast Information Service, USA Joint Publications Research Service av Foreign Broadcast Information Service, 1987 s. 16 og 28
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Ein el-Sultan, frå UNWRA