Eirik Bakke
Utsjånad
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fødselsdato | 13. september 1977 (47 år) | ||
Fødestad | Sogndal | ||
Høgd | 188 cm | ||
Posisjon | Midtbane (sentral, høgre) | ||
Ungdomsklubbar | |||
Sogndal | |||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
1993–1999 | Sogndal | 99 | (18) |
1999–2006 | Leeds | 143 | (8) |
2005–2006 | Aston Villa (utlån) | 14 | (0) |
2006–2010 | Brann | 82[1] | (8) |
2011–2012 | Sogndal | 23 | (1) |
Landslag | |||
1996–1999 1999–2008 |
Norge U21 Norge |
(34 (1) 27 (0)) | |
Trenar for | |||
2015- | Sogndal | ||
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 1. mai 2012 |
Eirik Bakke (fødd 13. september 1977 i Sogndal) er ein norsk fotballspelar og trenar. Han kom til den norske klubben SK Brann frå engelske Leeds United i 2006. Frå 2011 til 2012 spelte han for Sogndal, klubben han reiste frå i 1999. I 2015 blei han hovudtrenar for Sogndal.[2]
Bakke har spelt 27 A-landskampar for Noreg,[3] og har over 50 kampar for aldersbestemte landslag. Han er son til den tidlegare Sogndal-spelaren Svein Bakke.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- Seriemeister: 2007 med SK Brann
- Tredjeplass i engelsk liga: 2000 med Leeds United
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ http://www.brann.no/index.php?valg=spiller&spiller=127
- ↑ «Eirik Bakke blir ny Sogndal-trener», TV2 (tv2.no), 13.06.2014
- ↑ «Norges Fotballforbund om Eirik Bakke». Arkivert frå originalen 23. oktober 2007. Henta 21. mai 2008.