Hopp til innhald

Elisabeth Walaas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Elisabeth Walaas
Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. april 1956 (68 år)
Yrke politikar, diplomat
Politisk parti Arbeidarpartiet

Elisabeth Walaas (fødd 27. april 1956[1]) er ein norsk diplomat, ambassadør og politikar i Arbeidarpartiet. Ho har vore norsk ambassadør i Kroatia, Tyrkia, Tyskland og Europarådet.

Walaas har bakgrunn som lærar, og har sidan 1987 hatt ei rekkje verv og stillingar som politisk rådgjevar både i departement og organisasjonar. Ho har også hatt ei lang rekkje leiarstillingar i europapolitiske verksemder.

Ambassadør

[endre | endre wikiteksten]

Walaas var i åra frå 2005 til 2007 den norske ambassadøren i Kroatia. Frå hausten 2007 til 4. januar 2010[2] var ho statssekretær i Utanriksdepartementet, med ansvar for Europa- og handelssaker. I 2011 blei ho utnemnd til ambassadør i Tyrkia.[3] I 2014 blei ho utnemnd til ambassadør i Tyskland.[4] Walaas blei utnemnd til den norske representanten til Europarådet i Strasbourg i 2016, med rang som ambassadør.[5]

Utmerkingar

[endre | endre wikiteksten]

I 2006 blei Walaas utnemnd til riddar av 1. klasse av Den Kongelege Norske Fortenesteordenen.[6]

  1. stortinget.no - Walaas, Elisabeth
  2. «Endringer blant statssekretærene». Statsministerens kontor. 18. desember 2009. 
  3. Offisielt frå statsrådet 15. april 2011, regjeringen.no.
  4. «Offisielt frå statsrådet 21. mars 2014». Regjeringen.no (på norsk). Statsministerens kontor. 21. mars 2014. Henta 23. mars 2024. 
  5. «Offisielt fra statsråd 13. januar 2017». Regjeringen.no (på norsk). Statsministerens kontor. 13. januar 2017. Henta 13. januar 2017. 
  6. Norges statskalender 2008.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]