Emma Stone
Emily Jean «Emma» Stone (fødd 6. november 1988[1]) er ein amerikansk skodspelar som er kjend for roller som Skeeter i Barnepiken og Gwen Stacy i The Amazing Spider-Man. Elles har Stone òg opptredd i filmar som Crazy, Stupid, Love, Marmaduke og Gangster Squad. Ho vann Oscar for beste kvinnelege hovudrolle for rolleskildringa i La La Land og fekk hovudrolle i Disneys Cruella (2021).
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Stone hadde fleire småroller på TV, før ho fekk ei av hovudrollene i TV-serien Drive (2007), som vart kansellert etter fire episodar. Den første store filmrolla hennar var i komedien Superbad (2007), der ho spelte mot mellom anna Jonah Hill og Michael Cera. Ho spelte deretter i fleire komediar, som The Rocker (2008), The House Bunny (2008) og Ghosts of Girlfriends Past, før ho fekk rolla som Wichita i hitfilmen Zombieland (2009), som også hadde med Jesse Eisenberg og Woody Harrelson. Etter det fekk ho hovudrolla i Easy A og Barnepiken, og dessutan at ho òg spelte ei viktig rolle i Crazy, Stupid, Love med Steve Carell og Ryan Gosling. Stone vart nominert til ein Golden Globe for rolla si i Easy A.
Ho portretterte Gwen Stacy i The Amazing Spider-Man med Andrew Garfield, som var ein gjeninnspeling av Spider-Man-serien frå 2000-talet. Ho hadde òg denne rolla i oppfølgjaren The Amazing Spider-Man 2 frå 2014.[2][3] Stone spelte igjen mot Ryan Gosling i kriminalfilmen Gangster Squad (2013), ein film der òg Josh Brolin og Sean Penn spelte hovudroller.
Ho har òg spelt i filmane Birdman og Magic in the Moonlight. Stone vart nominert til Oscar for beste kvinnelege birolle for rolleskildringa i Birdman. I 2017 vann ho òg Oscar for beste kvinnelege hovudrolle for arbeidet i Damien Chazelles filmmusikal La La Land, der ho spelte hovudrolla som Mia Dolan.
Biografiske opplysningar
[endre | endre wikiteksten]Ho er dotter av Krista og Jeff Stone, har ein bror som heiter Spencer, og kan spora delar av familien tilbake til Sverige. Ho har opplyst at familie og venner kallar henne Emily, men at ho har teke artistnamnet Emma fordi namnet Emily Stone allereie var oppteke då ho søkte om å bli medlem i Screen Actors Guild, i tillegg til at mora bruker det som kjælenamn på henne. Som døme på favorittfilmar har ho nemnt Manhattan, Network, Harold and Maude og Byens lys. Skodespelaridola hennar er Gilda Radner og Diane Keaton.
Emma Stone er naturleg blond, men ho fekk si første rolle i tenåra etter å ha farga håret mørkebrunt.[4] Judd Apatow, produsenten av Superbad, fekk henne deretter til å farga håret raudt fordi han meinte dette passa betre til rolla i Superbad. Som Gwen Stacy i The Amazing Spider-Man og The Amazing Spider-Man 2 har ho sin naturlege blonde hårfarge.[5]
Filmografi
[endre | endre wikiteksten]Film
[endre | endre wikiteksten]Årstall | Film | Rolle | Merknader |
---|---|---|---|
2007 | Superbad | Jules | |
2008 | The Rocker | Amelia | |
The House Bunny | Natalie | ||
2009 | Ghosts of Girlfriends Past | Allison Vandermeersh | |
Paper Man | Abby | ||
Zombieland | Wichita / Krista | ||
2010 | Marmaduke | Mazie | Kun stemme |
Easy A | Olive Penderghast | Nominert — Golden Globe Award - Best Actress – Motion Picture Musical or Comedy | |
2011 | Friends with Benefits | Kayla | |
Crazy, Stupid, Love. | Hannah Weaver | People's Choice Award - Favorite Movie Actress (med Barnepiken) | |
Barnepiken | Eugenia "Skeeter" Phelan | People's Choice Award - Favorite Movie Actress (med Crazy, Stupid, Love.) Satellite Award - Best Cast – Motion Picture Screen Actors Guild Award - Outstanding Performance by a Cast in a Motion Picture | |
2012 | The Amazing Spider-Man | Gwen Stacy | Nominert — People's Choice Award - Favorite On-Screen Chemistry (med Andrew Garfield) Nominert — People's Choice Award - Favorite Movie Actress Nominert — People's Choice Award - Favorite Face of Heroism |
2013 | Gangster Squad | Grace Faraday | |
Movie 43 | Veronica | Segmentet Veronica | |
The Croods | Eep | Stemme | |
2014 | Birdman | Sam Thomson | Nominert — Oscar for beste kvinnelige birolle Nominert — Golden Globe for beste kvinnelige birolle |
The Amazing Spider-Man 2 | Gwen Stacy | ||
Magic in the Moonlight | Sophie Baker | ||
2015 | Aloha | Allison Ng | |
Irrational Man | Jill Pollard | ||
2016 | Popstar - Never Stop, Never Stopping | Claudia Cantrell | |
La La Land | Mia Dolan | Golden Globe for beste kvinnelige hovedrolle i en musikal eller komedie | |
2017 | Battle of the Sexes | Billie Jean King |
Fjernsyn
[endre | endre wikiteksten]Årstal | Film | Rolle | Merknader |
---|---|---|---|
2004 | In Search of the Partridge Family | Laurie Contestant | Vinnar (som Emily Stone) |
The New Partridge Family | Laurie Partridge | Hovudrolle; Pilot | |
2005 | Medium | Cynthia McCallister | Episode: Sweet Dreams |
Malcolm in the Middle | Diane | Episode: Lois Strikes Back (som Riley Stone) | |
2006 | Zack og Codys søte hotelliv | Ivana | Stemme; episode: Crushed |
Lucky Louie | Shannon | Episode: Get Out | |
2007 | Drive | Violet Trimble | Hovudrolle; sju episodar |
2010–11 | Saturday Night Live | Vert | Tre episodar |
2011 | Robot Chicken | Ulike stemmar | To episodar |
2012 | 30 Rock | Seg sjølv | Episode: The Ballad of Kenneth Parcell |
iCarly | Heather | Episode: iFind Spencer Friends |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Emma Stone Arkivert 2012-06-21 ved Wayback Machine. People.com. Besøkt 9. mars 2014.
- ↑ Dane DeHaan set for ‘Spider-Man 2′ Variety. Besøkt 9. mars 2014.
- ↑ The Amazing Spider-Man 2 Filmweb. Besøkt 9. mars 2014.
- ↑ Emma Stone: Spider-Man's new girl Independent. Besøkt 9. mars 2014.
- ↑ Emma Stone is summer's hot ticket USA Today. Besøkt 9. mars 2014.
- Denne artikkelen bygger på «Emma Stone» frå Wikipedia på bokmål, den 25. november 2021.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Emma Stone ved The Internet Movie Database (IMDb)